Den største avisa i Nordhordland veks vidare digitalt

Den største avisa i Nordhordland veks vidare digitalt

Dei siste tre åra har mykje endra seg i avisbransjen. Det gjeld òg i Nordhordland, skriv ansvarleg redaktør i Strilen, Eirik Langeland Fjeld.

Eirik Langeland Fjeld (red.)

Du les no ein meiningsartikkel. Han uttrykker skribenten si meining.

Kva vil du bidra med? Send inn her! (max 3000 teikn)

Redaktøren har ordet: Opplagstala som nyleg vart offentleggjort av Mediebedriftenes Landsforening (MBL) kan gje oss ein peikepinn på korleis stoda er.

Tala for perioden 2023 til 2025 viser eit mediebilete i rørsle i Nordhordland: færre abonnement med papiravis, fleire reine digitale abonnement og eit totalopplag som held seg nokolunde stabilt.

For lesarane betyr det først og fremst at stadig fleire vel å lesa lokalavisa på mobil og nett, heller enn på papir.

Frå første halvår 2023 til andre halvår 2025 auka Strilen sitt digitale opplag frå 2.729 til 3.654. Det er ein vekst på 33,9 prosent.

I same periode gjekk Strilen sin konkurrent, Avisa Nordhordland, frå 2.553 til 3.040 digitale abonnement, ein vekst på 19,1 prosent.

Papiravisa tapar terreng

Tala viser at mykje av utviklinga handlar om overgang frå papir til nett.

Strilen har hatt ein markant nedgang i abonnement som inkluderer papiravis, frå 2.545 til 1.432, ein reduksjon på 43,7 prosent. Det betyr at mykje av utviklinga handlar om overgang frå papir til nett. Det same mønsteret finst òg hos konkurrenten, men mindre markert.

I det samla opplaget er endringane ikkje veldig store i perioden 2023–2025. Strilen gjekk frå 5.364 til 5.137 i totalopplag, ein nedgang på 4,2 prosent. Nordhordland gjekk frå 4.837 til 4.630, ein nedgang på 4,3 prosent.

Det viser at den digitale veksten ikkje fullt ut veg opp for fallet i andre abonnementstypar, men òg at Strilen har halde den samla posisjonen godt oppe i ei tid med store endringar.

Over 70 prosent digitalt opplag

Eit anna viktig trekk er den digitale delen av totalopplaget. Ved utgangen av 2025 utgjorde digitale abonnement 71,1 prosent av totalopplaget i Strilen, mot 65,7 prosent i Nordhordland.

Det er grunn til å lesa desse tala både nøkternt og med sjølvtillit.

Nøkternt, fordi avisøkonomien framleis er i endring og totalopplaget ikkje veks. Sjølvtillit, fordi Strilen over tid har vist evne til å ta ein sterkare posisjon i den delen av marknaden som no veks raskast.

For lesarane seier tala også noko meir grunnleggjande: fleire vil ha nyhende tilgjengelege med ein gong, på skjermen dei har nærast. Lokaljournalistikken må vera tilgjengeleg der folk er.

Framover vil mediebransjen og lokalavisene igjen stå i store endringar. Kunstig intelligens kjem til å påverka både korleis journalistikk blir laga, korleis han blir finansiert og korleis lesarane møter nyhende.

Det er framleis for tidleg å seia nøyaktig korleis dette kjem til å slå ut. Men eitt forhold står fast:

Folk er opptekne av folk.

Der ligg kjernen i både lokalsamfunnet og lokalavisa sitt eksistensgrunnlag. Eirik Langeland Fjeld, ansvarleg redaktør, Strilen

Kva vil du bidra med? Send inn her! (max 3000 teikn)


© Strilen