menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Edit er stolt og glad over alt som skjer

18 0
18.03.2026

Edit er stolt og glad over alt som skjer

Lokallagsleiar Edit Jørgenvik tok imot heider og ære på ei samling nyleg.

Du les no ein meiningsartikkel. Han uttrykker skribenten si meining.

Kva vil du bidra med? Send inn her! (max 3000 teikn)

Lesarreportasje: På fylkesårsmøtet til Hørselsforbundet Vestland i helga, gjekk Hørselsforbundet Nordhordland av med sigeren som beste lokallag for prosentvis størst medlemsauke i 2025.

Lokallagsleiar Edit Jørgenvik tok imot heider og ære og gåvekort på kr 1000 til Hørselsforbundet Nordhordland.

Ho er stolt og glad for alt det positive som skjer i lokallaget! Hørselsforbundet Nordhordland er svært takksame for at dei frå juni 2025, har fått bruka Knarvik Frivilligsentral til å driva høyrselskafé første måndag i månaden.

Tilbodet har vorte godt motteke og 10–20 personar er til stades på høyrselskaféane. Der kan dei få gratis hjelp av likepersonar til å skifta filter og dome, og anna, og gode samtalar om høyrsel, tilleggsutstyr og andre interessante tema. Det er også sal av kaffi, te og vaflar. No ser Hørselsforbundet Nordhordland seg om etter større lokale.

Nordhordland Hørselsforbund har også strikkekafé i Knarvik Frivilligsentral. Ein treng ikkje vera medlem i Hørselsforbundet for å delta på høyrselskafé og/eller stikkekafé. Arrangementa er for alle.

Hørselsforbundet Nordhordland har for tida tre sertifiserte likepersonar som gir gratis hjelp med høyreapparat m.m. Likepersonane har teieplikt.

Det er alltid likepersonar til stades på høyrselskaféane. Likepersonane kan også koma heim til menneske som har behov for det. Om nokon har behov for hjelp med høyreapparata eller treng råd og rettleiing, er det berre å ta kontakt.

Våren 2026 vert det i tillegg til høyrselskafé i Knarvik Frivilligsentral, ein høyrselskafé på Frivilligsentralen på Hosteland og ein høyrselskafé på Dalsøyra skule og samfunnshus. Målet er å ha høyrselskafé i alle kommunar som høyrer til Hørselsforbundet Nordhordland. Det er Alver, Austrheim, Fedje, Masfjorden og Gulen kommune.

I februar hadde Nordhordland Hørselsforbund sitt årsmøte. Desse vart valde inn i styret:

Edit Jørgenvik, leiar og likeperson

Edit Jørgenvik, leiar og likeperson

Torill Helland, nestleiar og likeperson

Torill Helland, nestleiar og likeperson

Borghild Toft, likeperson

Borghild Toft, likeperson

Tone Åsebø Nordvik, mentor for yrkesaktive

Tone Åsebø Nordvik, mentor for yrkesaktive

Linn-Therese Seljelid Vabø

Linn-Therese Seljelid Vabø

Per Birger Møvik, vararepresentant

Per Birger Møvik, vararepresentant

Hørselsforbundet Nordhordland kjem gjerne på besøk til arbeidsplassar, lag og organisasjonar for informasjon om høyrselsutfordringar og hjelpemiddel.

Styremedlem i Hørselsforbundet Nordhordland og Hørselsforbundet Vestland

Kva vil du bidra med? Send inn her! (max 3000 teikn)


© Strilen