«Dei folkevalde kan no skape tryggleik og føreseielegheit» |
Eit vegval for Masfjorden: Natur eller vindindustri
Torsdag skal vindkraftspørsmålet opp att i kommunestyret. Desse unge vaksne frå Masfjorden har klare meiningar om kva utfallet burde verte.
Anders Emil Midtgård Matre m.fl.
Du les no ein meiningsartikkel. Han uttrykker skribenten si meining.
Kva vil du bidra med? Send inn her! (max 3000 teikn)
Lesarbrev: Fjell og natur betyr enormt mykje for folk i Nordhordland. Gjennom møteverksemd, underskriftskampanjar, høyringssvar, folkemobiliseringar og skriftlege innlegg i media, har det folkelege ynsket om å verne naturverdiane våre frå vindindustri vorte særdeles godt dokumentert dei siste sju åra.
I fjor signerte dessutan 535 unge nordhordlendingar – over 100 frå Masfjorden – eit brev som påpeikte kor viktig fjell og natur er for bulyst og livskvalitet i regionen vår.
Brevet vart overrekt Modalen Kommune i høve deira val........