«Då eg vaknar att, veit eg ikkje kvar eg er. Men eg trur eg lever»

Lesarbrev: «Når hjerteposen blir fylt av væske, da slutter hjertet ditt å slå. Og da dør du».

Tenk, det visste eg frå før. Det høyrer vel til barnelærdomen.

Ein sjukepleiar har sett seg ved senga mi. Det er han som skal fortelje om dagen i går, den som kunne blitt min siste.

– No skal eg fortelje deg kva som skjedde, seier han.

Eg ser ikkje på han. Eg orkar ikkje opne augo. Har nok med mine eigne tankar. Han pratar likevel.

– Kor mykje hugsar du frå dagen i går?

Ja, kva hugsar eg. I minnet blar eg meg tilbake til i går, onsdag 15. desember. Nokre usamanhengande bilete dukkar opp, for så å bli vekke.

Eg veit eg vart henta på rommet og trilla ned, klargjort for operasjon. Atter ein gong skulle dei prøve å få hjartet mitt til å slå i ein normal rytme. Særleg optimistisk var eg ikkje. Kvifor skulle det bli meir vellukka denne gongen? Så hugsar eg dei fekk meg over på benken. Eg vart dopa ned med........

© Strilen