Det er eit paradoks at Natur og Ungdom støttar tamreinindustrien
Sentralstyremedlem i Natur og Ungdom, Jesper Stattin, skriv 6. mai i ND at det ikkje er eit paradoks i at naturvernarar vil verna natur. Men kvifor i all verda støttar dei då tamreinindustrien som utryddar villrein og store rovdyr og brukar motoriserte køyretøy der dei vil i utmark?
Raudlista villrein lever på berre 13 % av arealet som høver for reinsdyr i Noreg. Heile 87 % av arealet er overteke av tamrein. For å driva med tamrein har reineigarane måtta utrydda villreinen. Ikkje ein einaste villrein lever lenger i tamreinområda. Ingen lever nord for Dovre.
Tamreinindustrien vil utrydda alle store rovdyr, det er ikkje ein gong eit spørsmål om ulv skal kunna leva i tamreinområda. Men små rovdyr, som raudrev, nyt godt av reindrifta og har forsterka negativ........
