Sjokkfunn: Oslo må kjøpe klimakvotar frå Porsanger
Tenk deg at Noreg vart delt opp – og vi samanliknar Oslo og Porsanger.
Då hadde klimarekneskapen slått ned som eit lyn.
Oslo er ein utsleppsmotor. Trafikk, bygg, forbruk – over 1,3 millionar tonn CO₂ i året.
Porsanger er noko heilt anna.
Med rundt 3.900 innbyggjarar og eit areal på over 4.850 kvadratkilometer– og med Porsangerfjorden, Noregs nest største fjord målt i areal – har vi noko Oslo aldri kjem til å få: natur som faktisk jobbar for oss.
Skog, myr, torv, tundra – og eit enormt fjordsystem – bind og lagrar CO₂ i store mengder. Kvart einaste år.
Reknar vi på det, tek naturen i Porsanger opp i storleiksorden 300.000 tonn CO₂ årleg.
Som ein eigen “nasjon” ville Porsanger gått i solid pluss.
Og då kjem det interessante:
Om Oslo måtte gjort opp for sine eigne utslepp – og kjøpt klimakvotar frå Porsanger til ein moderat pris på 15 euro
per tonn – ville rekninga sett slik ut:
👉 rundt 4,5 millionar euro
👉 over 50 millionar kroner – kvart einaste å
Så lat oss vere ærlege:
Porsanger er ikkje fattig.
Porsanger er karbonrik.
Her pustar jorda for resten av landet.
Så neste gong Oslo snakkar om den grøne framtida,
kanskje dei først burde spørje:
Kor kjem eigentleg lufta frå?
Folk i Porsanger betaler truleg mellom 15 og 30 millionar kroner i CO₂-avgifter kvart år –
samstundes som naturen vår bind enorme mengder karbon gratis.
