Kan Jesus få «landingstillatelse» i Sápmi?
Verda brenn. Midtausten rivnar i gamle konfliktar som aldri heilt får fred. Grenser, tru og makt går i ring, og det er som om menneska ikkje kjem vidare. Ein kan nesten seie det rett ut no: Der kan han ikkje lande. Det er ikkje plass. Ikkje rom. Ikkje ro.
Så sit vi her oppe i nord. Samar, kvæner og nordmenn. På ei vidde som framleis pustar, der det enno finst rom for stillheit. Og så kjem tanken, litt på alvor og litt med eit skeivt smil: Kva om vi legg til rette for at Jesus kan «lande» her.
For vi er eit land som likar å leggje til rette.
Så vi startar der vi alltid startar. Har Luftfartstilsynet kapasitet til dette. Er Banak godkjent for denne typen trafikk. Må det sendast flyplan frå himmelen, eller kan dette gå som direkte innflyging utan tårnkontakt.
Så kjem byggesaka. Ein kan ikkje berre setje ned noko såpass stort utan regulering. Dette må konsekvensutgreiast. Kva med miljøet. Har Miljødirektoratet vurdert påverknaden på rein og vidde. Kan frelsa kome i konflikt med naturmangfaldlova, eller må ho søkje dispensasjon.
Og så stoppar det ikkje der. Har Avinor sett av slot-tid for denne landinga. Er det avklart med Forsvaret sidan Banak også er militær flyplass. Kva med beredskap. Skal politiet vere til stades, og kvæn har ansvar dersom det oppstår folkemengder. Må det utarbeidast ein risiko- og sårbarheitsanalyse. Er det universell utforming på mottaksområdet, eller må det oppgraderast før ankomst.
Og så kjem det digitale. Er han registrert i systemet. Har han fått tildelt personnummer. Kan han logge seg inn med BankID, eller må det opprettast ein mellombels identitet.
Så kjem status. Dersom han kjem frå Midtausten, som han ein gong gjorde, kan han då reknast som flyktning. Må Utlendingsdirektoratet behandle saka. Har han pass, eller held det med vitnemål og eit par gode gjerningar. Og kva kø skal han stå i.
I Oslo sit dei. I Stortinget og i departementa. Nokon tek ordet. Dette er ei prinsipiell sak. Vi må få ei utgreiing. Dette må på høyring. Kan dette løysast innanfor eksisterande rammer, eller må vi opprette ei ny ordning for himmelsk innreise.
Og så kjem det. Det velkjende. Har Finnmark eigentleg kompetanse til å ta imot dette. Er det ikkje tryggare at han landar i Oslo. Der finst det fagmiljø. Der finst det kapasitet. Der finst det erfaring.
Og så kjem Tromsø på bana. Der blir det stille eit sekund før nokon seier det høgt: Kvifor skal han ikkje lande her. Her har vi universitet. Her har vi forsking. Her har vi eit internasjonalt fagmiljø. Dette er ei moglegheit. Dette kan styrkje Tromsø si rolle som kunnskapssenter i nord. Dette vil kome heile Nord-Noreg til gode. Det blir sagt med tyngde. Som det alltid blir sagt og aldrig er sant.
Og så kjem det sjølvsagt eit innspel frå Nobel Fredssenter. Kanskje burde han heller lande der. Midt i hovudstaden. Der vi har erfaring med fredsprisar, konferansar og internasjonale gjester. Der det finst scene, program og ferdig lyssetting.
Det er forståeleg. Oslo kan slike ting.
Men det er ikkje Sápmi verdig.
For dette handlar ikkje om scene, program eller applaus. Det handlar om rom. Om stillheit. Om det som ikkje treng mikrofon.
Her oppe veit vi at det viktigaste ikkje kjem med invitasjon. Det kjem stille.
Vi kan le av det. Og det må vere lov. For også i trua finst det rom for latter. Jesus brukte bilete som var så skarpe at dei nesten blir komiske. Ein mann med ein heil bjelke i auget som står og pirkar på flisa hos andre. Nokon som siler bort myggen, men svelgjer kamelen. Det er ikkje berre alvor. Det er ironi. Det er ei påminning om at mennesket ofte gjer det komplisert som eigentleg er enkelt.
Og kanskje er det akkurat det vi gjer no.
Vi prøver å leggje til rette for noko som ikkje treng tilrettelegging. Vi prøver å søkje om noko som ikkje kan godkjennast. Vi prøver å få det uendelege inn i eit system som knapt handterer det menneskelege.
Så kanskje er det difor han ikkje kjem att.
Ikkje fordi han ikkje kan.
Men fordi vi har gjort det så vanskeleg å lande.
Så då sit vi igjen med dette.
Det er ikkje han som manglar ein stad å lande.
Det er vi som manglar ein stad å ta imot.
Systema våre har vorte viktigare enn mennesket.Vi spør etter godkjenning før vi spør etter meining.
