menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

I påsketid: Kven set seg ved bordet vårt?

18 0
31.03.2026

Nesten kvar gong eg vitjar Tromsø, møter eg eit menneske eg har blitt kjend med gjennom fleire år.

Folk flest ser ned på han. Dei kallar han fyllefant, drukkenbolt, alkis, stordrikkar.

Mange vik unna når han kjem. Flyttar seg frå nabobordet. Ser ein annan veg.

Men eg ser noko anna.

Eg ser eit menneske med ei historie. Eit levd liv.

Han ber alltid ein halv liter brennevin i ryggsekken. Ikkje fordi han vil – men fordi han er livredd for å bli edru.

Kor tung må ikkje verda vere, når rusen er det einaste som gjer det mogleg å stå i livet? Han er eitt av dei snillaste menneska eg har møtt. Veltalen. Med eit hjartevenleg blikk.

Men han ber ikkje om hjelp. Han er audmjuk. Vil ikkje vere til bry.

Vil ikkje plage andre med sin eigen skavank.

Og vi? Vi går rundt som skodespelarar i våre eigne liv. Med kvar vår maske. Kvar vår frykt. Kvar vår skavank – fysisk eller psykisk.

Vi er ikkje betre enn han.

Likevel seier vi: «Dette må han rydde opp i sjølv.»

For av alle lidingar, er det nettopp alkoholisme vi meiner folk skal handtere åleine. Som om det ikkje er ei sjukdom. Som om det ikkje finst smerte bak.

Klart han treng ei utstrekt hand. Klart han treng eit medmenneske.

Vi minnest Jesus som leid på korset.

Men det finst mange kors i kvardagen. Mange som ber dei – stille.

Kanskje sit ein av dei ved bordet ved sidan av deg. Kanskje set han seg ned ved ditt bord.

Flyttar du deg? Eller blir du sitjande?

Eit smil kostar ingenting. Eit blikk kan vere nok. Ei setning kan vere starten på noko nytt.

Denne påska vil eg berre seie:

Ikkje flytt deg frå bordet når eit menneske med ei liding set seg ned ved sida av deg.

Det kan bety meir enn du trur.


© Ságat