Avgang
På ei tavle over oss blinkar verda i blått og gult. Byar, namn og tider som små stjerner i eit morgonlys av stål og glas.
Vi menneske er alltid på veg.
Nokre reiser korte strekningar mellom to hjarte.Andre reiser langt frå det dei ein gong trudde var heime.
Men alle må vi innom kontroll.
Der står dei med blikk som veg og måler: Er du verdig vidare ferd?
Nokre av dei sit ikkje på flyplassar. Dei bur i menneske.
Dei held passet ditt i handa og seier: Du slepp ikkje forbi.
For hardt ord. For gammal feil. For den du er – ikkje den dei ønskjer du skal vere.
Og der står du framfor ein stengt port til ditt eige liv.
Men sanninga er enkel som ein open himmel:
Ingen eig avgangen til eit anna menneske.
Ingen har rett til å stanse vingene dine.
Vi er fødde med eit usynleg boardingkort i hjartet.
Der står det berre eitt ord:
Så når tavla blinkar og porten opnar seg skal du gå.
Ikkje sjå tilbake mot dei som ville halde deg igjen.
For verda er stor og himmelen har plass til alle.
Alle har rett til avgang.
Alle har rett til å fly.
