We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close
Aa Aa Aa
- A +

«Om ein skal kjempe mot Møreaksen må ein komme med alternativ som samsvarar»

1 0 0
28.10.2019

Eg er heilt einig med professor Britt Solli i at Veøya ikkje må øydeleggast og at vår bruk og kast generasjon ikkje må få dure fram som han vil.

Men professor Solli bør ta seg nokken studiepoeng på samfunnsvitskapeleg fakultet sia ho først held seg på Blindern. Ho har fått det føre seg at fylkesleiaren i Frp er aktivist og at alle andre som jobbar for Romsdalsaksen er aktivistar.

Mange på Sekken har i alle år jobba for Sekkfast. Eg merka det godt i valet i år på alle stemmane vi i SV fekk på Sekken. Å kjempe for fastlandsamband er legitimt i Norge.

For fem år sida blei Borgerlisten starta i Molde for å hindre E-39 i å øydelegge Molde. Dei blei valt inn i kommunestyret med stor oppslutning. Rett nok er ikkje politiske parti Grunnlovsfesta i Norge, men av hevd er dei rekna med i styringssystemet. Konkret slik at det er eit av dei Kongen tar kontakt med når det skal skipast Regjering. Å danne parti er ikkje rekna for å vere spesielt aktivistisk, heller som bærebjelken i folkestyret vårt.

Miljøpartiet de Grønne, SV og andre parti har lagt inn forslag og argumentert........

© Rbnett