Nyttårsandakt av Karl Johan Hallaråker:

Bønn er eigentleg eit allmenn religiøst fenomen. Vi møter det i dei mange religionar og trussamfunn av ulik karakter. Jesus åtvarar oss både om hyklarbønn – prestasjon for menneske, og heidningebønn, som er oppteken av å prestera for Gud. Den surdeigen må vi reinsa ut frå oss.

Kristen bønn lærer vi i Bibelen. Både Det gamle og Det nye testamentet gir oss fyldig kunnskap om ekte og sant bønneliv,

Kristen bønn er bønn i Jesu namn. Vi startar med Paulus. Apgj. 9 fortel oss om korleis denne kristendomshataren møter Jesus på vegen til Damaskus. Vi les at Ananias fekk beskjed om å oppsøka han. Han vegra seg naturleg nok ut frå det han viste om denne forfølgjaren. Han fekk då høyra frå Herren at han hadde ikkje noko å frykta: «For sjå han bed». Grunna litt på det svaret! Paulus var farisear. Heile livet hadde nok vore prega av bønn. Men først nå etter møtet med Jesus, sanksjonerer himmelen hans bønneliv. Kristen bønn er bønn i livssamfunn med Jesus. Utan dette livssamfunnet er det frelsesbønna himmelen svarar på!

Kristen bønn er å bringa si hjelpeløyse........

© Norge IDAG