Medan Erna var stjerna var det andre som bukka under
Kommentaren gir uttrykk for skribentens meninger.
(Bergensavisen): Denne helga er verkeleg ein epoke over i norsk politikk. Etter 22 år som leiar i Høgre takkar Erna Solberg for seg.
Me snakkar om den lengstsittande statsministeren frå eit anna parti enn Arbeidarpartiet etter krigen, ein politisk profil som har vore folkevalt lokalt og nasjonalt sidan slutten av 70-talet, men som endå ikkje har rukke å verta meir enn 64 år.
Me snakkar om ho som var stødig og truverdig då landet måtte stengast ned, men òg ho som nekta å gje seg då ho burda ha gått av.
Les også: Valgt: Nå er Ine ny Høyre-leder
Slettes ikkje sjølvsagt
Trass at det første og siste stortingsvalet med Solberg som frontfigur var eit stykke under pari, har i snitt kvar femte nordmann stemt på Høgre i Solberg-epoken.
I glansperioden snakkar me om kvar fjerde norske veljar.
Høgre si oppslutning i Stortingsval under Erna Solberg
Det er slettes ikkje sjølvsagt at eit klassisk ansvarleg høgreparti, som balanserer på slakk line mellom det liberale og det konservative, skal vera på eit slikt nivå i vår tid.
I eit land der éin av tre jobbar i offentleg sektor, der få går på jobb i dress, der det er vanskeleg å få oppslutnad om offentlege reformer, og der motstand mot sentralmakt og pengemakt er ein avgjerande faktor for kva mange stemmer, er det faktisk ein prestasjon.
Les også: Søreide overtar midt i krisen: – Blir krevende
Likevel har Høgre under Erna Solberg greidd å halda på statusen som det einaste partiet som verkeleg har vore i stand til å utfordra Arbeidarpartiet i kampen om statsministerrolla.
Me treng ikkje reisa så langt for å finna heilt andre skjebnar.
I epoken då Erna Solberg har vore leiar i Høgre, har nemleg ei rekke søsterparti rundt om i Europa falle som fluger.
Ingen annan har greidd å følga tempoet hennar
Medan den nye og langt meir populistiske høgrebølga har pressa på frå høgreflanken, har meir liberale og liberalistiske parti pressa på frå den borgarlege delen av sentrum.
I Frankrike var lenge Høgre sitt søsterparti det statsberande partiet. Med skikkelsar som Charles de Gaulle, Jacques Chirac og Nicolas Sarkozy. No er partiet ein politisk kuriositet, som fullstendig hamna i skvisen mellom den liberalistiske sentrumsliberalaren Emmanuel Macron og høgrepopulisten Marine Le Pen.
I det britiske topartisystemet har det konservative partiet vore styringspartiet framfor nokon. Etter å først omfamna høgrepopulismen sjølv, er partiet no det fjerde største på fleire målingar. Forbikøyrd av både liberaldemokratane i sentrum og Reform langt, langt ute til høgre.
I Danmark har Det Konservative Folkeparti vore ein lilleputt lenge. I sju av dei åtte siste folketingsvala har partiet vore mindre enn både Venstre og Dansk Folkeparti på kvar si side.
I land som Nederland, Belgia og Italia har det same vore tilfelle. Partia som har minna mest om Høgre har vorte irrelevante for veljarane.
I motsetning til internasjonale kollegaer har Erna Solberg i stor grad greidd å halda skansen, og vel så det.
Innslag går viralt: Hagen slo Rød-Larsen-alarm i 2002
Joda. Også her til lands har den nye og folkelege høgrebølga ført til sveittetokter og vakenetter i møblerte høgreheimar.
Hadde Høgre hatt ein partileiar som minna meir om alle forgjengarane til Erna Solberg, hadde dei truleg hatt meir å frykta.
I kampen mot den folkelege profilen til Framstegspartiet, men òg meir polerte Ap-toppar, har Erna Solberg rett og slett hatt draget på veljarar som ikkje er sjølvsagde høgreveljarar.
Ho greidde å kvitta seg med stempelet som jern-Erna, fjerna Høgre sitt rykte som kalkulatorparti, og reiste land og strand for å møta folk og bedrifter.
Ingen annan partileiar har greidd å følga tempoet til Erna Solberg. Ingen andre har gjort så mykje rart med pressa på slep rundt om i landet.
Les også: Kuttekåt ordfører: Vil legge ned hundrevis av kommuner
Berre ein som minner om Erna
Situasjonar som kunne ha vorte kleine eller pinlege for andre partileiarar, tok Solberg med stor ro, og alltid ein solid dose sjølvironi.
I eit internasjonalt politisk landskap er det berre ein aktør som minner om Erna Solberg.
Eg tenker sjølvsagt på Angela Merkel, som med mykje av det same truverdet, og ei genuin personleg historie, greidde å spela på mange av dei same moderate og liberale strengene som Solberg har gjort her på berget.
Likevel vil eg faktisk hevda at Erna Solberg har hatt tøffare politisk motstand enn det Merkel hadde.
På den eine sida har Arbeidarpartiet har hatt profilar som Jens Stoltenberg og Jonas Gahr Støre, som har vore vanskelege å bryna seg på når det gjeld trygg styring og internasjonale spørsmål.
På motsett side, har Framstegspartiet vore av eit heilt anna kaliber, enn så godt som alle andre «populistiske» parti til høgre for dei klassiske høgrepartia.
Sjølv om mange har hatt lyst til å setta likskapstrekk, er partiet til Carl I. Hagen, Siv Jensen og Sylvi Listhaug ein langt vanskelegare motstandar enn det Høgre sine søsterparti har møtt på ute i Europa.
Medan parti som Sverigedemokraterna, Alternative für Deutschland og franske Rassemblement national har opphavet sitt i grumsete miljø som aldri ville ha fått verkeleg fotfeste i norsk politikk, er Framstegspartiet eit parti som ikkje er meir ytterleggåande enn at det harmonerer godt med store delar av eit elitekritisk norsk grunnfjell.
Grunnen til at eg nemner dette, er at dei klassiske høgrepartia som faktisk har makt i dag, og ikkje har bukka under, som Moderaterna i Sverige, som partiet til Alexander Stubb i Finland, og CDU i Tyskland, har hatt langt meir ytterleggåande og problematiske rivalar til Høgre for seg.
Les også: Erna Solberg: – Trond Giske har alltid vært den verste
Rivalar som ikkje har hatt nok truverd til å knekka dei klassiske høgrepartia, men som etablissementet har hatt behov for å distansera seg frå.
Frp har vore ein langt meir reell konkurrent om veljarar og posisjonar enn desse partia. Den folkelege appellen til Erna Solberg har vore viktig for å demma opp.
Det som gjorde henne til stjerna
Den største strategiske prestasjonen til Erna Solberg var å samla troppane til høgre for den politiske midtstreken, ved å ta Frp inn i varmen utan å skyva frå seg sentrumspartia Venstre og KrF.
Sjølv om den politiske avstanden mellom Venstre og Framstegspartiet ofte kunne vera stor, sørga Solberg for at alle partia vart sett.
Konsekvensen vart at ein god del i Høgre meinte at det vart for lite høgrepolitikk igjen. Sjølv om Solberg-regjeringane kutta i skattane, gjorde oljepengebruken at den offentlege sektoren heldt fram med å esa ut.
Dei som håpa på større pengedryss i Bergen vart òg skuffa.
Likevel: Utan den folkelege appellen som Erna Solberg har hatt, særleg før aksjeskandalen i statsministerbustaden, er det uansett stor sjanse for at Framstegspartiet kunne ha ete store delar av Høgre si oppslutning til middag.
Slik dei faktisk langt på veg gjorde i valet i fjor, då stjerna hadde slokna.
Les også: Ut mot løgn fra elitene: – Det norske selvbildet dør
Då var det berre dei mest elitistiske kjerneområda til partiet, som redda Høgre frå ein fullstendig fiasko. Hadde det ikkje vore for oppslutninga i Asker, Bærum, Oslo Vest og delvis i Bergen, hadde sortien til Erna Solberg vorte endå styggare.
Om ein reiser rundt på den gullkysten som ein gong var Solberg sitt sterkaste veljarområde, gjorde Frp nærmast reint bord i fjor. Styringsveljarane i byane ville heller ha Støre.
Om ikkje Høgre finn motgift, kan det fort verta eit frampeik på livet etter Erna Solberg. Den nye leiartroikaen i Høgre har nok grei standing blant dei som uansett kjem til å stemma Høgre. Spørsmålet er om dei har nok appell blant folk flest.
Derfor vert det spennande å sjå om Høgre greier å henta tilbake tapte veljarar utan den unike folkelege appellen til Erna Solberg.
Erna Solberg forstod nemleg at ho måtte ha folk flest med på laget om Høgre skulle vera stort. Det var nettopp det som gjorde henne til stjerna.
