Ekstremt pinlig for Støre

Debattinnlegget gir uttrykk for skribentens meninger.

(Bergensavisen): Av og til er arbeidslivet grundig urettferdig, sjølv i eit land der velferdsstaten er raus, og arbeidslivet stort sett er ganske organisert.

I det norske arbeidslivet sit veldig mange av oss på den grøne greina.

No streikar tilsette i serverings- og overnattingsbransjen for noko dei aller fleste i norsk arbeidsliv tar for gitt, og ikkje merkar noko til.

75 prosent av norske arbeidstakarar merkar nemleg ingenting om dei er sjukmelde i meir enn 16 arbeidsdagar.

Den same summen kjem nemleg inn på brukskontoen som vanleg, utan at ein treng å tenka på om det er arbeidsgjevar eller staten, gjennom Nav, som betalar ut sjukepengane.

I dei mest uorganiserte krikane og krokane av norsk arbeidsliv er det annleis.

Kvar fjerde arbeidstakar har nemleg ikkje dette privilegiet.

Les også: NRK er ute å kjøre

Ein ventetid som ikkje høyrer heime i 2026

I praksis betyr dette at ein del må venta, av og til i veker og månadar, før dei får sjukepengane sine på konto.

Akkurat her kan me konkludera ganske enkelt: Slik burde det slettes ikkje vera i det norske arbeidslivet i 2026.

Grunnen til at det faktisk er slik, er derimot ganske samansett. Me må ta ein runde på korleis ordninga med sjukepengar fungerer, for å forklara kvifor det er slik.

I dei aller fleste tilfelle, nærmare bestemt i om lag åtte av ti tilfelle, er nemleg sjukepengar ei ganske smal sak.

Om arbeidstakar og arbeidsgjevar gjer det dei skal, vert nemleg dei aller, aller........

© Nettavisen