Dette minner rett og slett om diskriminering |
Kommentaren gir uttrykk for skribentens meninger.
(Bergensavisen): I helga fortalde BA om den unge småbarnsmora Victoria Mo (17), som har fått beskjed om at ho mistar overgangsstønaden ho har fått frå Nav.
Grunnen? Jo, det er fordi Victoria, som over 3000 andre vidaregåandeelevar i Vestland, ikkje går på ein offentleg, men ein privat vidaregåande skule.
Som Nav skriv i vedtaket sitt:
«Vi kan ikke se at det foreligger spesielle grunner til at du må gå på en privat skole. (...) Vi har derfor stanset stønaden din.»
Og:
«Det er bare i helt spesielle tilfeller du kan få godkjent privat utdanning».
Dermed sit Victoria, som har ansvar for den eitt år gamle sonen, igjen med barnetrygd på 4500 kroner i månaden som einaste økonomiske støtte frå det offentlege.
Sjølv om Nav hevdar å ha jussen på si side, er vedtaket fullstendig urimeleg, og eit soleklart døme på at kartet ikkje heng saman med det verkelege terrenget.
Private vidaregåande skular, som den Victoria Mo går på, er nemleg ein heilt naturleg og integrert del av det norske skuletilbodet.
At val av vidaregåande skule........