Derfor er cruiseskatten så dum

Kommentaren gir uttrykk for skribentens meninger.

(Bergensavisen): – Regjeringa ønsker at reiselivsnæringa kan veksa berekraftig, sa næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) då ho i mars la fram forslaget om ei kommunal cruiseavgift.

Berre synd då, at forslaget innebar å skattlegga eitt av dei aller mest berekraftige innslaga i norsk reiselivsnæring.

Forslaget betyr nemleg at dersom til dømes Bergen kommune skal krevja inn 100 kroner i skatt frå dei som kjem til byen med cruiseskip, må dei òg skattlegga dei som legg til kai med Hurtigruten like mykje.

Les også: Skrubber toaletter i ambulanseuniform: – En trussel mot pasientsikkerheten

Så dumt at det nesten ikkje er til å fatta

Forslaget er så dumt at det nesten ikkje er til å fatta.

Dersom ein verkeleg har ein intensjon om å gjera reiselivet meir berekraftig, burde jo ambisjonen vera å få folk til å reisa med nettopp Hurtigruten i staden for med langt mindre nyttige og mindre miljøvenlege cruiseskip.

Hurtigruten, som i dag i offentleg nytale eigentleg heiter Kystruten, etter at ruta vart konkurranseutsett frå 2021, bør nemleg ikkje forvekslast med noko kva som helst cruiseskip.

For det første, har dei to reiarlaga som fraktar gods og folk mellom 34 norske hamner, gjort betydelege utsleppskutt dei siste åra. Tre år på rad har norske forbrukarar i tillegg rangert selskapet Hurtigruten som den aller mest berekraftige reiselivsaktøren i Norge.

Den mest essensielle grunnen til at reisande med Hurtigruten ikkje bør betala turistskatt, er likevel at ruta er ein del av den kritiske infrastrukturen langs kysten vår.

At regjeringa foreslår eit unntak for dei som brukar Hurtigruten som kollektivtransport, og kjøper billett frå ei hamn til ei anna, hjelper ikkje.

Les også: Oppfordring etter 44 år i forsvaret: – En trussel

Bør vera heilt openberr beredskapspolitikk

I motsetnad til cruisetrafikken, bør det nemleg vera eit ønske at så mange som mogleg, også turistar, skal reisa med Hurtigruten. Det er nemleg den beste måten å sikra eit best mogleg og rimelegast mogleg tilbod til kystbefolkninga mellom Bergen og Kirkenes.

Turistskatten bør ikkje vera nok ei pengekran, men eit verktøy som gjer at turistar gjer betre val, og som bidreg til det beste for fellesskapet.

Turistane som reiser med ruta, gjer at folk langs kysten har eit tilbod, dersom dei treng det i kvardagen eller på ein gråvêrsdag.

Å ha påliteleg transport langs kysten bør vera heilt openberr beredskapspolitikk. Derfor har staten, med god grunn, subsidiert Hurtigruten sidan 1983.

Ifølge Havila Kystruten, det eine av dei to reiarlaga på strekninga, vil forslaget bety at dei reisande må betala 55 millionar i cruiseskatt årleg. Det tilsvarar at staten krev tilbake 15 prosent av dei 365 millionane reiarlaget får i årlege subsidiar.

Sjølv om han neppe brukte uttrykket sjølv, vert ofte den italienske filosofen, politiske teoretikaren og forfattaren Niccolò Machiavelli hekta på uttrykket om at «målet heilagar middelet».

Skattepolitikk er innimellom slik. Formuesskatt som er meint for å treffa rike som elles hadde vorte nullskattytarar, råkar av og til ein minstepensjonist som tilfeldigvis bur i eit hus som teoretisk sett kan omsettast for mykje pengar.

I dette tilfellet er det i staden her snakk om at middelet, altså skatten, svekker målet, altså eit meir berekraftig reiseliv.

Aldri skjedd før: Slår ut Putins bro

Dette har dei forstått andre plassar

Det mest berekraftige norske politikarar kan gjera for norsk reiseliv, er nemleg at turistane i så stor grad som mogleg reiser med dei same transportmidla som andre folk.

At turistar reiser til og frå Bergen med Bergensbanen, Hurtigruten eller Danskebåten i staden for fly eller cruiseskip, bidreg ikkje berre til lågare fotavtrykk for kvar enkelt turist, men til at turistane bidreg til å halda liv i og finansiera viktige tilbod.

Dette har dei forstått andre plassar.

Om du reiser til sveitsiske og austerrikske byar må du gjerne finna deg i å betala turistskatt om du overnattar på hotell. Skatten vert brukt til å finansiera lokal kollektivtrafikk og annan infrastruktur som både fastbuande og turistar har nytte av.

Til gjengjeld får turistane i ei rekke byar og regionar reisa gratis og så mykje dei vil med den lokale kollektivtransporten.

Ordninga er vinn-vinn. I realiteten er det eigentleg snakk om eit rimeleg, men obligatorisk, dagskort på buss og bane. Ei ordning som gjer at lokalbefolkninga får billegare kollektivbillettar enn dei elles ville ha hatt, men på same tid rimeleg nok til at dei fleste synst det er eit godt bidrag til plassen ein besøker.

Les også: Børskollaps for Erling Haaland: Selger alt

I praksis gjer ein det motsette i Norge

Ordninga reduserer òg irriterande «Hop-on hop-off-bussar», som tar plass og forureinar, men heldt òg liv i ruter som er attraktive for turistar, men som hadde vore for marginale å halda liv i om berre lokalbefolkninga skulle ha betalt.

Ordninga har stor overføringsverdi til Norge.

Dersom ein ønsker eit meir berekraftig reiseliv, må ein sjå på turistane som ein ressurs, som kan vera med på å finansiera berekraftige løysingar.

I staden for eigne turistbåtruter til vestlandsfjordane, burde målet vera å erstatta desse med rutetrafikk som er interessante både for turistar og fastbuande.

I praksis gjer ein det motsette i Norge.

Då Vy vann kontrakten for å køyra tog på Bergensbanen, måtte dei gå med på å subsidiera staten med 2,2 milliardar kroner dei neste ti åra.

Kven som betalar for dette? Jo, det er dei som reiser med tog det. På null komma niks forsvann nemleg gunstige ordningar som at barn kunne reisa gratis i følge med vaksne, og ein fekk meir «dynamisk prising» som gjer at du må betala meir dersom du kjøper billett i siste liten.

Realiteten er ein annan

Akkurat som Hurtigruten er Bergensbanen ein del av den kritiske samfunnsinfrastrukturen i Norge. Sjølvsagt burde dei 2,2 milliardane gå til å laga eit betre og billegare tilbod for dei reisande.

Realiteten er ein annan. Bergensbanen vert i dag trafikkert med vogner frå 80-talet, og kjøpet av nye tog har vorte kraftig forseinka. Det første nye togsettet er tidlegast på plass på Bergensbanen i 2028.

I staden for å bruka kritisk infrastruktur som mjølkeku for det offentlege, burde ein ha sett reiselivspolitikken, som sorterer under næringsdepartementet, og transportpolitikken, som sorterer under samferdsledepartementet, langt meir i samanheng.

Om ein hadde gjort det, kunne ein fått ei langt meir intelligent turistskatt enn dei to usle forslaga frå regjeringa dei siste to åra.

Om regjeringa verkeleg ville, kunne ein ha brukt inntekter frå cruiseskatten eller ei overnattingsavgift til å gjera det billegare å reisa med Hurtigruten, Bergensbanen, Bybanen, eller den lokale busstrafikken.

I staden straffar ein dei som vel det berekraftige. Då er ikkje målet eit meir berekraftig reiseliv, men meir inntekter.

Innholdskarusell med 20 artikler.

0:54 Videoklipp-serie: Krever at Trump fjernes: – Mentalt ustabil

Videoklipp-serie: Krever at Trump fjernes: – Mentalt ustabil

0:55 Videoklipp-serie: Aldri skjedd før: Slår ut Putins bro

Videoklipp-serie: Aldri skjedd før: Slår ut Putins bro

0:53 Videoklipp-serie: Ut mot Zelenskyj: – Skandaløst

Videoklipp-serie: Ut mot Zelenskyj: – Skandaløst

1:21 Videoklipp-serie: Full Trump-krangel: – Den nye Hitler

Videoklipp-serie: Full Trump-krangel: – Den nye Hitler

2:00 Videoklipp-serie: Pinlig øyeblikk for Vance

Videoklipp-serie: Pinlig øyeblikk for Vance

0:33 Videoklipp-serie: Går viralt: Sier dette foran barna

Videoklipp-serie: Går viralt: Sier dette foran barna

1:16 Videoklipp-serie: Pinlig Trump-seanse i rommet

Videoklipp-serie: Pinlig Trump-seanse i rommet

1:18 Videoklipp-serie: Radbrekker Trump: – Hvem tror du at du er?

Videoklipp-serie: Radbrekker Trump: – Hvem tror du at du er?

0:27 Videoklipp-serie: Pågrepet etter dette: – Fy faen!

Videoklipp-serie: Pågrepet etter dette: – Fy faen!

0:58 Videoklipp-serie: Nådeløs: – Råttent og ondskapsfullt

Videoklipp-serie: Nådeløs: – Råttent og ondskapsfullt

1:17 Videoklipp-serie: Sammenligner Trump med Jesus: – Vanvittig!

Videoklipp-serie: Sammenligner Trump med Jesus: – Vanvittig!

0:39 Videoklipp-serie: Overrasker: – Da skylder jeg på Vance

Videoklipp-serie: Overrasker: – Da skylder jeg på Vance

1:25 Videoklipp-serie: Gjør narr av Putin: – Veldig ubekvem

Videoklipp-serie: Gjør narr av Putin: – Veldig ubekvem

0:50 Videoklipp-serie: Latterliggjør Macron: – Kona behandler ham forferdelig

Videoklipp-serie: Latterliggjør Macron: – Kona behandler ham forferdelig

0:27 Videoklipp-serie: Historisk romferd: – Vi har liftoff

Videoklipp-serie: Historisk romferd: – Vi har liftoff

0:58 Videoklipp-serie: – Dette er vilt!

Videoklipp-serie: – Dette er vilt!

0:53 Videoklipp-serie: Basketak etter dramatisk krasj

Videoklipp-serie: Basketak etter dramatisk krasj

0:23 Videoklipp-serie: – Det er jo helt «galematias»

Videoklipp-serie: – Det er jo helt «galematias»

0:28 Videoklipp-serie: Pornostjernen lurte «alle»: – Har tjent 10 millioner

Videoklipp-serie: Pornostjernen lurte «alle»: – Har tjent 10 millioner

0:51 Videoklipp-serie: Trump overrasker: – Du gjør en forferdelig jobb

Videoklipp-serie: Trump overrasker: – Du gjør en forferdelig jobb


© Nettavisen