Rettsleg ansvar og politisk ansvar heng saman |
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning
Skulestruktursaker aktualiserer utfordrande spørsmål i skjeringspunktet mellom lokalpolitisk handlingsrom og rettsstatlege krav.
Eit sentralt rettsleg spørsmål er korleis vurderinga av barnets beste skal gjennomførast og dokumenterast.
I denne samanhengen viser KS Advokatene til at høgsterettspraksis har normdannande verknad, òg at det ikkje er naudsynt at dommane direkte omhandlar skulestruktur for at dei skal ha overføringsverdi.
Her ser vi korleis vårt innlegg kan ha blitt misoppfatta.
Vi hevdar ikkje at slike dommar ikkje kan ha noko overføringsverdi.
Vi meiner tvert imot at det er viktig å sjå til korleis Høgsterett tolkar grunnleggande prinsipp også i saker utanfor det konkrete rettsområdet. Det er ein del av metodelæra.
Men metodelæra krev meir enn berre å vise til........