Meir kraft krev at kraft­kommunane får ein større plass rundt bordet

Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning

Nye kraftprosjekt kan ikkje møtast med rustne prosessar. Og dei kan ikkje drivast fram utan at kraftkommunane kjenner att både rolla si, ansvaret sitt og nytten av det dei er med på.

Industri, elektrifisering, beredskap og ny verdiskaping krev meir energiproduksjon og meir effekt i åra som kjem. Samtidig står Noreg framfor ei ny bølgje av vasskraftutbygging og modernisering.

Likevel er systemet utdatert og verktøya for svake. Dersom vi meiner alvor med at Noreg treng meir kraft, må vi òg meine alvor med at dagens situasjon krev noko nytt av oss. Vi treng ein ny samfunnskontrakt.

Nye kraftutbyggingar krev betre samarbeid mellom stat, utbyggjar og lokalsamfunn.

For kommunar som lever tett på krafta, er det tydeleg at det løftet som no må komme innan vasskraft, ikkje er ei enkel vidareføring av det som har vore før. Prosessane er meir komplekse. Naturomsyna er sterkare. Forventningane til tempo er høgare. Energimarknaden ser heilt annleis........

© Kommunal Rapport