menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Summen av desse vala byggjer regionen

24 0
16.09.2026

Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Når ungdom vel utdanning, formar dei også framtida til Haugalandet. Difor må skule, føresette og arbeidsliv gjere vala meir opplyste – saman.

Det er eit stort spørsmål å stille ein 15-åring. Og kanskje er det heller ikkje det rette spørsmålet. Arbeidslivet ungdommane våre skal inn i, vil endre seg mange gonger gjennom eit langt yrkesliv. Eit betre spørsmål kan vere: Kva finst der ute – og kva kan passe for meg?

Tysdag 22. og onsdag 23. september samlar Yrkesmessa for Haugalandet rundt 3200 elevar i Tysvær Arena Haugesund Sparebank. I tillegg kjem føresette på det opne kveldsarrangementet. Her møter ungdommane rundt 100 utstillarar frå heile regionen – bedrifter, offentlege verksemder, vidaregåande skular, opplæringskontor og høgare utdanning. Nytt i år er også ei utvida avdeling for høgare utdanning, som gir ungdommane høve til å bli betre kjende med fleire utdanningsmogelegheiter etter vidaregåande skule.

Yrkesfaga står sterkt

Søkartala til vidaregåande opplæring i år fortel noko interessant om kva ungdom i Rogaland orienterer seg mot. 58,6 prosent av ungdommane hadde yrkesfag som førsteønske for skuleåret 2026/27. Det er ny rekord. Elektro og datateknologi auka mest, medan teknologi- og industrifag heldt seg på same rekordhøge nivå som året før.

På Haugalandet er interessa for yrkesfag svært synleg. Ved Karmsund vidaregåande skule var det 129 primærsøkarar med ungdomsrett til 90 plassar på Vg1 elektro og datateknologi. Åkrehamn hadde 86 søkarar til 60 plassar, og Ølen 35 søkarar til 15 plassar. På Vg2 automatisering ved Åkrehamn var det 90 søkarar til 45 plassar. Også andre fagområde har høgt søkarpress. Karmsund hadde 100 søkarar til 68 plassar på Vg1 helse- og oppvekstfag, sjølv om helse- og oppvekstfag samla hadde den største........

© Haugesunds Avis