menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Om vi ikkje skal lære norsk i skulen, kva skal vi då lære?

6 0
28.08.2025

Debattinnlegg

Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Lese-og skrivedugleikane til norske elevar har vore tema i valkampen. Noregs Mållag veit kva som må til: Vi må satse på sidemål!

Norskfaget er det viktigaste faget i skulen. Det er grunnlaget for all læring, i alle fag. Norsk er basiskunnskap, og norsk er både nynorsk og bokmål. Når vi lærer fleire språk, skjer det noko i hjernen vår. Forsking, mellom anna frå professor Øystein Vangsnes ved UiT Noregs arktiske universitet, viser at opplæring i sidemål styrkjer språkforståing generelt. Elevane får større ordtilfang, betre grammatisk innsikt og blir betre skribentar.

Desse goda er det diverre mange elevar som går glipp av, på grunn av for lite og for dårleg sidemålsopplæring. I dag får elevar berre karakter i sidemål ved utgangen av ungdomsskulen og ved fullføring av studieførebuande i vidaregåande. Dette fører til at den systematiske opplæringa tek til seinare og seinare. Vi kan ikkje svekkje ordninga ytterlegare, slik dei to partia ytst til høgre vil.

Sidemålsordninga byggjer respekt og forståing for språkmangfald, og ho gjer elevane betre rusta til å velje og bruke begge språka seinare i........

© Haugesunds Avis