Debattinnlegg Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Det er lite sannsynleg at du er der når ungdommen testar alkohol for første gong, med all risikoen det medfører. Derfor bør du ta praten på førehand og sørgje for at de er samsnakka om alkohol.
Har du vore bekymra for ein ungdom som eksperimenterer med alkohol? Då er du ikkje åleine. I ei ny undersøking som Ipsos har gjennomført på oppdrag frå alkovettorganisasjonen Av-og-til, fortel nesten halvparten at dei har vore bekymra for at ein ungdom skal bli utsett for vald, overgrep eller ulykker i samband med alkohol og fest. Det er ikkje overraskande.
For tenåringar er uerfarne med alkohol og dermed ekstra sårbare når dei drikk. No som eit nytt skuleår er godt i gang, er det høgsesong for ungdomsfestar. Nye klassar og elevar skal bli kjende, og dei neste vekene og månadene er det sannsynleg at mange tenåringar prøver alkohol for første gong. Heilt normalt, tenkjer mange. Samtidig veit vi at risikoen for uønskte og farlege hendingar aukar når ungdom drikk.
Bokn og Tysvær er Av-og-til-kommunar. Vi jobbar førebyggjande for å skape gode og trygge oppvekstmiljø her hos oss. I dette arbeidet er samarbeidet med dykk tenåringsforeldre heilt sentralt.
Ungdomstid
Ungdomstida er ei brytingstid og inneber ofte lausriving frå foreldra og familielivet. I overgangen frå ungdom til vaksen utviklar også haldningane og livsstilen seg. Mange unge er nysgjerrige på alkohol og ser på det å eksperimentere med alkohol som ein naturleg del av det å bli vaksen.
Men når ungdom drikk alkohol, aukar risikoen for ulykker, vald og overgrep. Alkohol kan........