Debattinnlegg Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Jula er ei magisk tid for både store og små, men blir det for mykje alkohol, kan det øydeleggje julemagien for dei minste.
For barna er jula årets store høgdepunkt. Lista over ting å gle seg til er lang: adventslys, julekalender, nissebesøk, peparkakebaking, gåver og fridagar saman med oss vaksne.
Likevel får Av-og-til kvart einaste år høyre historier frå folk som har opplevd at jula blei øydelagd fordi foreldra drakk. Då kan vegen frå å gle seg til jul til å gle seg til jula er over, vere kort.
Det kan vere den vesle jenta som må passe på veslebroren sin, og som blir redd når det kjem framande på julaftan. Eller den vesle guten som blir sitjande og telje kor mange glas faren drikk, og som ventar på at stemninga brått skal snu. Ikkje alle barn sit igjen med berre gode minne frå julefeiring med dei vaksne.
1 av 2 på Sørvestlandet synest at det blir drukke for mykje rundt barn i........© Haugesunds Avis