Dispensasjonssak på Dommersnes basert på utdatert reguleringsplan frå 1980

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Vindafjord kommune har gitt Dommersnes AS løyve til oppstart av anleggsarbeid på Dommersnes i Vikebygd for fase 1. Søknad om dispensasjon frå reguleringsplan frå 1980 blei handsama i november 2023, og det blei gitt løyve til tiltak som omfattar planering av eit 54 daa stort industriområde. Statsforvaltaren, privatpersonar samt foreininga Bevar Ålfjordens Perle har sendt inn klage på dispensasjonsvedtaket.

Advokatfirmaet Responsa AS har laga eit støtteskriv til klagen frå foreininga Bevar Ålfjordens Perle, der dei skriv at løyvet ikkje byggjer på eit tilstrekkeleg plangrunnlag. Det er plankrav for tiltaket etter pbl. § 12-1, og den gamle reguleringsplanen frå 1980 ivaretar ikkje dei omsyn og interesser som plan- og bygningslova er meint å ivareta. Ved å gi løyve til at tiltaket blir gjennomført med grunnlag i ein 43 år gammal reguleringsplan, vil formålet med lova bli direkte skadelidande, og løyvet må bli rekna som ugyldig. Dersom klagen frå Statsforvaltaren og Bevar Ålfjordens Perle ikkje blir tatt til følgje, skal klagen bli handsama av settestatsforvaltar. Det er for tidleg å forskuttera handsaming, men Responsa meiner det er tilstrekkeleg rettsleg grunnlag for at gyldigheiten til løyvet blir prøvd rettsleg. (Responsa 12.01.2024)

I klagen frå Statsforvaltaren står det at tiltaket vil ha stor påverknad på naturmangfald, støy og landskapsoppleving, utan at det er sett vilkår for å avgrensa påverknaden. I tillegg føregrip kommunen ein reguleringsprosess det er varsla oppstart på. Kommunen har gitt dispensasjon før konsekvens av tiltaket er vurdert, i eit område det er konkludert med at pågåande planarbeid vil utløysa krav om konsekvensutgreiing. Framgangsmåten svekkar den demokratiske planprosessen og hindrar formålet med konsekvensutgreiingsforskrifta. (Statsforvalteren 28.11.2023)

Formålet til Plan- og bygningslova er å «fremja berekraftig utvikling til beste for den enkelte, samfunnet og framtidige generasjonar. Planlegging og vedtak skal sikra openheit, forutsigbarheit og medverknad for alle berørte interesser og myndigheiter. Det skal leggjast vekt på langsiktige løysingar, og konsekvensar for miljø og samfunn skal bli greidd ut». I plan- og bygningslova står det at kommunen skal sørga for at det blir utarbeidd reguleringsplan der det er behov for å sikra forsvarleg planavklaring og gjennomføring av byggje- og anleggstiltak. Vidare står det at «for gjennomføring av større byggje- og anleggstiltak og andre tiltak som kan få vesentlege verknadar for miljø og samfunn, er det krav om reguleringsplan» (pbl. § 12-1). Plan- og bygningslova gir kommunar moglegheit til å dispensera frå lovføresegner og planar, men intensjonen er at dispensasjonar er øyremerkt tilfelle kor det er tale om mindre tiltak der avviket frå lov eller plan ikkje er omstridd eller kontroversielt, og kor planendring blir sett på som eit lite hensiktsmessig alternativ. (Holth & Winge 2023)

Naturavtalen mellom verdas land blei vedtatt i Montreal i desember 2022. Klima- og miljøminister Espen Barth Eide og kommunane sin organisasjon KS er samde om å samarbeida om å følgja opp Naturavtalen. Kommunane forvaltar mesteparten av areala i Noreg og er difor svært viktige for å ta vare på naturen. Mange kommunar har arealplanar som blei regulerte til utbygging for lenge sidan, og som ikkje ville blitt godkjent for utbygging med dagens kunnskap om tilstanden til naturen, verdi og toleevne. Ein planvask kan dirfor vera er eit viktig verkemiddel i klima- og naturforvaltninga. Kommunane står heilt fritt til å omregulera eldre reguleringsplanar tilbake til naturformål, heilt fram til det er gitt løyve til bygging. (sabima.no). I utgreiinga «Naturavtalens betydning for norsk rett» står det at plan- og........

© Haugesunds Avis