Nordsjøens nøkkelart i spel

Debattinnlegg Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Risikoen for natur, miljø og fiskeri druknar i det store mylderet av nyhende som omhandlar havvind. Sanninga om kva som står på spel ved Norges havvindssatsing må tydelegare fram i lyset.

Fiskebåt, som organiserer den havgåande fiskeflåten, er bekymra for konsekvensane den nye havvindindustrien kan få for dei komplekse økosystema i havet. Det er særleg silarten tobis vi er bekymra for, når det gjeld forslaga som er lagt frem for Nordsjøen. Fiskarane deler bekymringa med forskarane og miljøorganisasjonane.

Tobis er ein nøkkelart i Nordsjøen. Det vil seie at den har avgjerande betydning for andre artar, samt stor påverknad på strukturen og stabiliteten i økosystemet.

Fisket etter tobis er blant dei viktigaste i Nordsjøen. Det er strengt regulert, nettopp for å ivareta den enormt viktige funksjonen arten har i Nordsjøens økosystem. Kvotane for tobisfiskarane er tufta på overskotet i bestanden. Nokre år er det er lite tobis i Nordsjøen. Då tillatast det heller ikkje fiske. I tillegg er fleire konsentrerte tobisområder stengt kvart år.

Norges vassdrags- og energidirektorat la i fjor vår fram ein rapport med 20 utreiingsområde for havvind. Sju av desse er foreslått i Nordsjøen. Felta er omringa av viktige gytefelt for tobis.

Tobisen lever og oppheld seg der det er sandbotn. Store deler av tida er den nedgrave i sanden. Utan sand vil ikkje tobisen overleve.

Vindturbinar til havs påverkar og endrar vindforholda i området. Forskarane fryktar at dette også vil påverke forholda under havoverflata, som endringar i sirkulasjon, fordeling av vatnmasse og planktonproduksjon, som igjen utgjer føde for denne og andre artar. Det er også en reell bekymring for endringar i straumforhold, som kan påverke drifta av tobislarvar og overlevinga på dette sårbare stadiet. Oppvirvling av sand kan også........

© Haugesunds Avis