Tilkarring i fjello
I fjello våre har private grunneigarar fått karra til seg jaktrett på vill rein på allmogen sine eigedommar. Dei har og fått andre til å betale det meste av kostnadane med jakta. Til Sunndalen ligg to store fjellområde. På nordsida ligg Trollheimen. Her var det vill rein som vart drepen, og no er det berre tam rein. På søsida ligg Sunndalsfjella og Dovrefjella. Her var det både vill og tam rein, men no er det berre vill rein. Det blir seld kort til folk som vil drepe den ville reinen. For vel hundre år sia, då Krag-Jørgenensen sitt gevær kom, vart den ville reinen mestå utrydda og berre nokre hundre levde over. Etter nokre fredingar av den ville reinen og jakt på dei ville rovdyra, vart det på 1960-talet truleg 15-20 000 reinar, overbeiting og samanbrot. Grunneigarane har rett til å drepe vill rein dersom grunnen er «teljande areal». Teljande areal skal ligge over skoggrensa, ikkje ha store brear og vatn, ikkje vere hyttefelt og det må vere jaktbar vill rein der. Grunneigarane, fjellstyra og dei private, er organisert i eit villreinutval. Villreinutvalet lagar forslag til områda for teljande areal og korleis jakta skal vere. Stemmeretten i utvaler går etter kor mykje areal kvar enskild har. Villreinnemnda som vart nemnt ut av Miljødirektoratet, no Landbruksdirektoratet, godkjenner det villreinutvalet kjem med. I Snøhetta villreinområde, vårt område, er mellom anna Romsdalshornet, Venjetindane, Juratinden, Blikkskora, Hoemstinden, Ormagjøelet, Litlsskjorta, Litlkalkinn, store deler av Grødalen, Helfjellet og vidare, teljande areal. Alt dette arealet er ått av private grunneigarar. Hyttefelta ved Aursjøen og i Torbudalen som er folketomme vel halve året, er ikkje teljande areal. Dei «skogkledde» områda ved Aursjøen og i Torbudalen er og trekte ut. Desse områda ligg i statsallmenningar. Fram til midten på 1970-talet måtte dyra drepast på eige terreng. Så vart det i Sunndal felles jakt på dei private områda og i statsallmenningen. Avtalen var visst nok at dei private ikkje skulle høgare pris på korta frå innabøgdes folk enn det fjellstyret gjorde. Denne prisordninga varte ikkje lenge. Sunndalingane fekk etter kvart avtala med dei sørpå om fellesjakt i mange dagar, på delar av området der. Slik kan no grunneigarar med terreng som er fritt for rein, lett selje kort som kan nyttast der det enno er rein. I 1983 vart det laga ein skriftleg avtale mellom dei private og fjellstyret. Den opphavelege avtalen har eg ikkje fått tak i, men med hjelp frå Statsforvaltaren i Målle, har eg no fått den reviderte avtalen av 2021. Den reviderte avtalen vart vedteken i Sunndal fjellstyre 2020-12-12 som ei sak under eventuelt. Avtalen ligg ikkje med møteboka som eit skriveri. Etter avtalen skal det vere eit Reinsutvalet for Sunndal, som skal samordne jakta og oppsynet. Utvalet skal og ha eige budsjett, levere årsrapport og revidert reknekap innan 1. mars. Utvalet har ikkje laga eller levert noko på mange år. Leiar er Halvard Hagen som og er varamedlem for Kari Marie Jenstad, nestleiar i Sunndal fjellstyre. Kostnadane med jaktoppsyn skal delast etter talet på kort. Fjellstyret organiserar oppsynet for alle i Sunndal. I heile Snøhetta villreinområde vart det i 2025 etter oppsynsrapporten, nytta 972 timar med jaktoppsyn. Det var delt ut 800 kort (license to kill). Etter denne reknemåten vart det 1,2 timar oppsyn pr kort. Med ein timepris på 500 kr blir det då ein oppsynskostnad på omlag 600 kr/kort. Dei private i Sunndal hadde 156 kort, og skulle ha betalt 93 000 kr for oppsynsarbeidet. Dei betalte 23 000 kr. Slik støtta Fjellstyret i Sunndal dei private grunneigarane med 70 000 kr i fjor. Sunndal fjellstyre har gått med underskott dei siste åra. Fjellstyret har sikker og arbeidsfri inntekt frå festeavgiftene som hytteeigarane i Torbudalen betalar. Fjellstyret har og sikker og arbeidsfri inntekt frå sal av fiskekort via Inatur. Då regjeringa i fjor laga tiltaksplana for å redde villreinen, gjekk dei private villreinkortseljarane i Sunndal i uttalen sin inn for å brakklegge Torbudalen. Skriveriet var laga av Halvard Hagen og støtta det styret for verneområda med Ståle Refstiebi spissen, skreiv. Dei ville stengje Aursjøvegen rundt Torbuhalsen og minske tida for open veg til Torbudalen. Det må rart å ha hytte i statsallmenningen i Torbudala og betale festeavgift og fiskekort til eit fjellstyre som så støttar private grunneigarar som har karra til seg jakt i statsallmenningen, og som så vil ha dei vekk. Når dei rettskaffne grunneigarane med dette får kjennskap til tilkarringa, vil dei nok rydde. Sunndal fjellstyret bør snarast seie opp avtalen med dei private og få slutt på samjakta. Villreinnemnda bør gå gjennom kartet som viser teljande areal og gjere det rett etter forskrifta. Sunndal kommunestyre bør etter valet i 2027 velje eit fjellstyre som og vil ta i vare allmugen, folk flest, sine interesser. Sunndal kommunestyre bør etter valet i 2027 foreslå nye folk til villreinutvalet. Nyttige peikarar; Sunndal fjellstyre møtebok 2020-12-12. https://static1.squarespace.com/static/677d15ac3a2f433c3e58db6c/t/6998342cd8bf594b855c6bfe/1771582508079/X+Møteprotokoll+Fjellstyremøte+14.12.pdf Oppsyns- og fellingsrapport 2025 https://static1.squarespace.com/static/677d15ac3a2f433c3e58db6c/t/6968e6bbd7513a5eab6feb09/1768482491849/Villreinjakta+-+2025+Oppsyns+og+fellingsrapport.pdf Teljande areal villrein https://www.miljodirektoratet.no/globalassets/publikasjoner/m478/m478.pdf#page3 Teljande areal Snøhetta. side 34. https://villrein.no/wp-content/uploads/2025/08/Bestandsplan2024-2028Snohettavillreinomrade.pdf Høyringssvar frå Sunndal private villreinområder. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/horing-forslag-til-tiltaksplaner-etter-kvalitetsnormen-for-villrein-i-knutsho-snohetta-og-rondane-villreinomrader/id3087861/?uid=709350c4-7b62-4209-89b2-865f7eebbea8 Høyringssvar frå Dovrefjellnasjonalparkstyre https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/horing-forslag-til-tiltaksplaner-etter-kvalitetsnormen-for-villrein-i-knutsho-snohetta-og-rondane-villreinomrader/id3087861/?uid=709350c4-7b62-4209-89b2-865f7eebbea8 Erling Rød
