Pisa no igjæn
Talet på norske Pisa-resultat er snart like mange som det er viser på Knutsen og Ludvigsens album «Brunost no igjæn» frå 1972. Forskjellen er at trønderduoen fekk ein pris, Spelemann, for sine morosame og kreative påfunn, medan Pisa-resultata påkallar alt anna enn smil og latter, og i beste fall fortener ein kaktus.
I 2000 kom «Pisasjokket», i 2006 eit nytt lågmål, i 2015-resultata var ikkje så verst, men 6,7 % av elevane var ikkje med på undersøkinga. 2022-resultata viste «markant nedgang i norske 15-åringers ferdigheter i matematikk, lesing og naturfag sammenlignet med tidligere år» (Udir).
Og no i 2025 blir orda «krise» og «sjokk» brukt om resultata, særleg har dei jammerlege tala for lesing fått mykje merksemd: 34% av norske 10.klassingar ligg under nivå 2; den kritiske grensa for leseforståing. I 2015 var det 15%. Så mykje som 10% av elevane deltok ikkje no sist, så 2025-resultata er truleg enda svakare.
Meir enn ein tredjedel av norske elevar har altså svært dårleg leseforståing. Dei klarer å lese orda, men ser ikkje samanhengar og evnar ikkje å kombinere informasjon.
Kvifor står det så dårleg til? Dei siste dagane har vi fått mange ulike forklaringar. Problemet er samansett, og svara finn vi delvis utanom skulen. Likevel; mykje av forklaringa finn vi........
