menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Kva inneber ein privatskule på Gjøra?

13 0
20.03.2026

Det var litt tilfeldig at eg snubla borti saka om nedlegging av skulen på Gjøra. Eg var nysgjerrig nok til å gå på eit bygdamøte om spørsmålet. Der vart det lagt fram tankar om å starte ein kristen privatskule – i tilfelle den offentlege skulen vart lagt ned.

Eg må innrømme at eg var skeptisk. Eg var einig i at ein privatskule på kristent grunnlag var det mest realistiske på Gjøra. Men det blir vel ikkje fleire ungar oppi Øverbøgd´n av å starte privatskule? Svaret var at ein privatskule skal vera open for elevar frå heile landet. Og dei hadde indikasjonar på at foreldre også utanfor skulekretsen gjerne ville sende eigne elevar til ein slik skule.

Kva inneber ein kristen privatskule?

For å finne ut kva støtte dette prosjektet har, må ein sjølvsagt seie noko meir om kva ein kristen privatskule går ut på. Etter mitt syn er spørsmålet også relevant når kommunestyret den 25.03. skal ta stilling til nedlegging av oppvekstsenteret på Gjøra. Innstillinga frå oppvekstutvalet til kommunestyret er som kjent å utsette nedlegginga frå hausten 2026 til hausten 2027. Ein privatskule kan først koma i gang frå 2028. Det er svært gode grunnar for å behalde skulen i alle fall til 2028, dvs. til ein privatskule kan koma i gang. Det har eg vist i eit tidlegare innlegg. Men kva går det private alternativet til den offentlege skulen ut på?

Arbeidet med skuleprosjektet

Det er som kjent foreldre frå fjellgardane som har teke initiativet til privatskuleprosjektet.

For å orientere seg har dei hatt kontakt med Kristne Friskolers Forbund (KFF.no), som organiserer bortimot 150 skular som er godkjende på kristent grunnlag. Det har også vore kontakt med dei kristne privatskulane på Vollan (Oppdal) og i Torvikbukt.

Status for skuleprosjektet er omtrent som dette: Foreldre frå fjellgardane har stilt seg i spissen for foreininga «Gjøra skole». Foreininga tek sikte på å starte og drive ein kristen grunnskule med statsstøtte frå det tidspunktet den offentlege skulen måtte blir lagt ned. Foreininga har eit midlertidig styre, har tilgang til læreplanar som allereie er godkjende for kristne privatskular, og har utkast til vedtekter for foreininga. Eit medlemsmøte må velje styre og fastsette vedtektene, for å få foreininga registrert i Brønnøysund. Så kan ein søke om godkjenning og om å få starte skulen.

Godkjenning gir rett til statsstøtte. Statsstøtta skal også dekke utgiftene til skulebygget, men kommunen må framleis betale for skuleskyssen.

Den norske privatskulelova baserer seg på to sentrale menneskerettar som Noreg er forplikta av. Det er foreldra sin rett til å oppdra eigne barn i samsvar med sine religiøse og moralske overtydingar. Og det er barna sin rett til utdanning. Privatskulelova er utforma for å sikre begge delar, og for å garantere likeverdig opplæring i private og offentlege skular.

Ein privatskule på Gjøra skal godkjennast og drivast ut frå privatskulelova, på grunnlag av livssyn (§ 2-1 a). I dette tilfellet er det eit krav at det kristne livssynsgrunnlaget kjem tydeleg til uttrykk. Det må bl.a. uttrykkast i vedtektene for skulen og bli synleg i læreplanane. Ein av dei vanlegaste grunnane til at søknader ikkje blir godkjende, er at livssynsgrunnlaget ikkje er synleg nok.

Som sagt har ein godkjend skule rett til statsstøtte. Tilskotet til kvar elev er noko høgare når elevtalet er lågt. Det er ikkje høve til å ta ut noko form for utbytte. Alt eventuelt overskot skal koma elevane til gode. Det er for øvrig ei eiga «Økonomiforskrift til privatskolelova».

Ein godkjend skule skal drivast etter godkjende læreplanar. Dei skal sikre at elevane får like god opplæring som i offentlege skular. Elles har skulen undervisningsfridom (§ 2-3). Ut frå § 1-1 skal alle godkjende skular ha dei same overordna måla for opplæringa som vi finn i FNs barnekonvensjon (art. 29.1).

Dersom ein skule har færre enn 15 elevar tre skuleår i samanheng, fell godkjenninga bort (§ 2-2). I dette ligg det at det kan vera forsvarleg å drive ein skule med berre 15 elevar. Slik utviklinga er for elevtalet på Gjøra framover, vil skulen truleg vera avhengig av ei viss rekruttering av elevar frå andre skulekretsar.

Foreininga har som sagt tilgang på læreplanar som er godkjende for kristne skular. Som døme kan vi nemne læreplanane ved Torvikbukt skule. Den overordna delen, om verdiar og prinsipp for opplæringa, er den same som for den offentlege skulen. I tillegg kjem ei innleiing som seier at desse felles verdiane blir forstått innanfor ei kristen ramme. Det er tale om verdiar som menneskeverd, kritisk tenking, etisk ansvar, likestilling, respekt for naturen osb. Dei overordna måla for opplæringa (§ 1-1), henta frå FNs barnekonvensjon, blir også forstått innanfor ei kristen ramme. Da er det tale om å utvikle elevane sine evner og anlegg, utvikle respekt for menneskerettane, for foreldra og den kulturelle identiteten til elevane, osb.

I dei enkelte faga brukar ein dei same læreplanane som den offentlege skulen, med eitt unntak. Unntaket er KRLE – Kristendom, religion, livssyn og etikk. Her har ein ei eiga læreplan, med noko større vekt på kunnskap om Bibelen og kristendomen enn i den offentlege planen. Ein brukar ofte også ein ekstra time i veka til faget. Dette er ein del av den profilen skulen må ha for å bli godkjend som kristen skule etter privatskulelova.

Utkastet til vedtekter for skulen på Gjøra tek omsyn til dei aktuelle lovkrava og er tilpassa vanleg praksis for foreiningar. Livssynsgrunnlaget for skulen kan t.d. formulerast slik:

«§ 2 Verdigrunnlag og formål

Skolen byggjer på kristen tru, kristent menneskesyn og kristen etikk. I faget KRLE legg skolen vekt på Bibelen og kristendommen som kulturarv og kjelde til tru, moral og livstolking. Skolen følgjer samtidig den overordna delen av læreplanverket for offentlege skolar. Dei felles verdiane som kjem til utrykk her, blir forstått innanfor ei kristen ramme, slik skolen si overordna læreplan viser. Det same gjeld måla for opplæringa i § 1-1 i privatskolelova.»

For å behalde godkjenninga må skulen i praksis følgje læreplanane. Slik utkastet til vedtekter er formulert, er kulturarv og livstolking viktige stikkord. Begge vart sentrale i læreplanen for KRL frå 1997, etter at Gudmund Hernes fekk slått saman kristendoms- og livssynsfaget til eitt felles fag. Eit viktig poeng for Hernes var at sentrale element frå Bibelen og kristendommen bør inngå i den felleskulturen som alle elevar blir fortrulege med. I denne felleskulturen inngår også dei andre skulefaga. Tanken om eit meir felles, klassisk innhald i skulen står for øvrig også sentralt i det pedagogiske reformarbeidet som Støre-regjeringa no står midt oppe i.

For regjeringa er det også viktig å gjera opplæringa meir praktisk og livsnær. Dette passar godt saman med tankar blant foreldre på Gjøra. Dei vil gjerne nytte undervisningsfridomen til å gjera meir bruk av naturen og nærmiljøet som pedagogisk ressurs. Det kan også vera med på å knyte elevane nærare til lokalkulturen.

Til slutt må det understrekast at ein kristen privatskule er open for alle og vil vise respekt for elevar og foreldre med forskjellig tru og livssyn. Gjennom forsking og erfaring er det også kjent at foreldre kan velje slike skular av reint pedagogiske grunnar, sjølv om dei måtte vera ateistar eller høre til andre religionar.


© Driva