Er det ikkje nokon som kan å rekne? |
I lokalavisene les eg at gruppeleiarane for dei partia som har makta i fylkeskommunen vår, saman med dagleg leiar og styreleiar for Todalsfjordsprosjektet, er opprømte og «boostige» for at fylkeskommunen har vedteke å bruke 55 millionar kroner dei neste åra på å lage ein reguleringsplan for prosjektet med å krysse Todalsfjorden utan å bruke ferje.
https://www.driva.no/nyheter/n/BxJmBg/ute-av-dvalen-vi-er-opproemte
https://www.auraavis.no/fylkestinget-vedtar-nar-55-millioner-til-todalsfjordprosjektet-en-boost/s/5-5-744699
Eg kunne å telje litt då eg begynte på skulen. Der lærte eg å legge saman, so trekke frå, so gange og so dele. Seinare har det og vorte meir innvikla rekning.
Då eg arbeidde, var eg ofte ute etter tal for forholda mellom andre tal. Det kunne vere kr/m2, kg/m3, kr/tonn, kg/tonn, % og ppm. I butikken ser eg ofte på kiloprisen, kr/kg.
Det ser ut til at dei lukkelege politikarane ikkje kan anna enn dei to enklaste reknemåtane, å........