Ambulansetenesta skal framleis vere trygg
Samstundes vil vi forsikre innbyggjarane i fylket om at vi framleis skal ha ein trygg og fagleg forsvarleg akuttmedisinsk beredskap.
Vi må vere ærlege om bakgrunnen for saka. Helseføretaket står i ei økonomisk krise, og styret har pålagt oss å redusere kostnadene i dei prehospitale tenestene med 20 millionar kroner av ei samla omstilling for helseføretaket på 400 millionar kroner i 2026. Når heile føretaket må effektivisere, kan heller ikkje dei prehospitale tenestene skjermast.
Oppdraget har vore krevjande: Korleis tilpasse drifta til trong økonomi – utan å svekke beredskapen?
Forslaget som er vedtatt i styret, bygger på eit grundig arbeid med brei fagleg involvering. Ei arbeidsgruppe med deltaking frå spesialisthelsetenesta og kommunane – mellom anna legar,........
