menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

– Da er det spesielt viktig at saksbehandlinga er god – for ikkje å kaste meir ved på bålet

20 0
10.03.2026

I tidlegare innlegg har eg kritisert dei faglege og pedagogiske argumenta for å legge ned skulen på Gjøra. No har eg også kome i tvil om saksbehandlinga har vore forsvarleg. Det er etter å ha studert eit rundskrivet frå Utdanningsdirektoratet: «Behandling av saker om skolenedleggelser og kretsgrenser» (01.08.2024). Rundskrivet gjeld reglane for saksbehandling bl.a. ved nedlegging av grunnskular. Kommunedirektøren viser også til dette rundskrivet.

Reglane for saksbehandling

Når det gjeld skulen på Gjøra, blir spørsmåla om nedlegging og om eventuell endring av kretsgrenser behandla som separate saker (jf. saksnummer 6/26, s. 2). Dei reglane som da gjeld, kan samanfattast slik.

Det er eit generelt forvaltningsrettsleg prinsipp at ei sak skal vera tilstrekkeleg opplyst før det blir gjort eit vedtak.

Det er eit generelt forvaltningsrettsleg prinsipp at ei sak skal vera tilstrekkeleg opplyst før det blir gjort eit vedtak.

Ved nedlegging av ein skule krev dette at kommunestyret har rimeleg kjennskap til kva dei berørte partane meiner. Det gjeld i særleg grad foreldre og nærmiljø. Foreldreråd eller samarbeidsutval bør difor få uttale seg.

Andre som bør få uttale seg, kan vera fagforeiningane for tilsette ved skulen, grendelag og ande grupper og organisasjonar som kan ha interesser i saka.

Andre som bør få uttale seg, kan vera fagforeiningane for tilsette ved skulen, grendelag og ande grupper og organisasjonar som kan ha interesser i saka.

Det er ikkje lov- eller forskriftsfesta kor lang frist ein skal ha for å uttale seg i saker om skulestruktur. Utdanningsdirektoratet anbefaler at «det sees hen» til retningslinene for endring av kretsgrenser, og dei seier to månader.

Saksbehandlinga i kommunen

Det første saksframlegget frå kommunedirektøren (2/26, s. 3) nemner at saka er gjennomgått med HMS-gruppe oppvekst (12.01.26) og i møte med tillitsvalde (14.01.26). Dessutan har det vore møte med personalet ved Gjøra oppvekstsenter (19.01.26) og med foreldre, i regi av FAU (21.01.26).

Med god hjelp frå kommunen har eg funne dei utlagte referata frå dei to siste møta. Temaet for møtet med personalet var den pågåande prosessen rundt «mulig nedleggelse av Gjøra oppvekstsenter». Referatet frå møtet med foreldra har som dei to første sakene «framtida til oppv.senteret» og «bemanning».

Det vil seie at begge møta vart haldne utan at det konkrete forslaget om nedlegging var kjent. Referata viser bekymringar blant desse partane. Men dei har ikkje fått høve til å uttale seg om det konkrete forslaget innanfor ein rimeleg frist, slik reglane tilseier. Og det er ei vesentleg innvending mot saksbehandlinga. Men ikkje nok med det.

Ei nedlegging av skulen vil sjølvsagt også ha store konsekvensar for heile lokalsamfunnet. Ut frå pkt. 3 ovanfor burde saka ha vore på ei langt breiare høring, med frist for å uttala seg om det konkrete forslaget – i rimeleg tid før saka skal avgjerast. Men det kan kommunestyret framleis gjera noko med!

Forslaget om nedlegging av skulen på Gjøra har som kjent utløyst eit ras av reaksjonar. Da er det spesielt viktig at saksbehandlinga er god – for ikkje å kaste meir ved på bålet. 

© Driva