Fellesskulen og friskulane
Norske styresmakter motarbeider stadig friskulane, og motstanden er større til lengre ut på venstresida ein kjem. Dagens regjering har det eine utfallet etter det andre mot friskulane, særleg kristne friskular. Det skjer med tre ulike innfallsvinklar – ved lovmakt, økonomimakt og språkmakt. Dei to første vert brukte for å gjera det vanskeleg å starta og driva friskular. Den sist «makta» skapar haldningar, slik at foreldre ikkje skal søkja barna sine inn på friskular, og barna ikkje skal ha lyst til å gå der.........
