Han blei menneske for at vi skulle bli guddommeleggjorde

I kristen samanheng snakkar vi ofte om kva vi er frelste frå: Kristus sigra over synda, døden og djevelen. Men det er også noko stort vi er frelste til, som sjeldnare vert nemnt.

Vi er frelste til liv med Gud, til å bli friske frå våre åndelege sjukdommar og synder, til å bli forvandla og jamvel få del i guddommeleg natur (2 Pet 1,4).

Når vi ser på skapingssoga oppdagar vi at dette også er i tråd med Guds opprinnelege føremål med mennesket. Då Gud skapte mennesket, sa han: «Lat oss skapa menneske i vårt bilete, så dei liknar oss» (1 Mos 1,26).

Men mennesket var ikkje skapt som ei fiks ferdig utgåve, utan høve for vekst eller vidareutvikling. I staden fekk mennesket eit oppdrag med å vidareføra Guds arbeid på jorda, for slik å kunna veksa og modnast.

Ireneus av Lyon (ca. 125 – 203) er ein av dei første kristne som skriv om dette temaet. Han var disippel av Polykarp, som sjølv hadde vore disippel av apostelen Johannes.

I hans fjerde bok av «Mot kjetterne» som me endeleg fekk på norsk i 2025,........

© Dagen