menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Frå falsk åndelegheit til ekte erfaring

9 0
24.11.2025

I mange år var eg medlem av ein trusmenighet der tungetale og nådegåver var ein viktig del av uttrykket. Når eg over 20 år seinare ser tilbake på den tida, ser eg mykje bra som var viktig for meg på den staden eg då var i livet. Men eg ser også ting som var dårleg.

Ein ting eg har tenkt mykje på i ettertid er korleis ei ukritisk haldning blanda med litt for høg sjølvtillit, førte til at ein søkte etter nådegåver og overnaturlege fenomen ein ikkje var klar for å bera. Eller som eg i dag tenkjer me ikkje bør søka i det heile.

Eg kan nemna predikanten som kom på besøk i menigheten og fortalde at han ikkje hadde vore hos tannlegen på 20 år. Det trengde du ikkje dersom du berre hadde tru nok.

Silouan av Athos

Stor vekt vart også lagt på syner og visjonar, draumar og bilete. Eg fornektar på ingen måte at slikt kan førekoma, det ser ein jo både i Bibelen og i vår tid. Tenk berre på alle historiene om muslimar som møter Jesus i draume, til dømes.

Men vi bør ikkje akseptera alt slikt ukritisk. Dersom ein er open for alt som kjem av visjonar, mirakel-historier og profetiar, gløymer ein at det er lett er å bli lurt. Eg veit om nokre som i ettertid har funne at dei var lette offer for menneske med andre føremål enn dei reint åndelege, og kanskje........

© Dagen