Då Richard Wurmbrand fekk sjå eit julemirakel
Jødiske Richard Wurmbrand (1909–2001) konverterte til kristendommen då han var 29 år gamal, etter at ein rumensk snikkar delte evangeliet med han.
Wurmbrand vart snart ordinert til prest – først anglikansk og seinare luthersk – og starta arbeid blant den store mengda jødar som budde i landet før andre verdskrigen.
Då krigen kom heldt han fram med evangelisering og fekk redda mange jødiske born ut frå gettoar.
Etter krigen vart Romania kommunistisk, og all religiøs verksemd vart ein ideologisk fiende av styresmaktene. Wurmbrand starta ei undergrunnskyrkje og vart ein leiarfigur for kristne som nekta å samarbeide med regimet.
Etter fleire fengselsopphald og mykje tortur kom han seg ut av landet. Berre ein månad etter at han var fri, i januar 1966, stilte han opp i NRK og fortalde om situasjonen i landet og hans kristne motstandskamp.
Slik vart han ein av årsakene til at «Misjon bak jernteppet» vart grunnlagt i 1967, som er aktiv den dag i dag under namnet Stefanusalliansen. Same året fekk han asyl i USA og skreiv mange bøker og historier om sitt liv i fengselet.
Ei av desse, utgitt i eit blad i september 1987, handla om eit julemirakel han vart vitne til i fengselet, og som han skildrar slik:
«Då eg sat i fengsel vart eg eingong svært sjuk. Eg hadde........





















Toi Staff
Sabine Sterk
Penny S. Tee
Gideon Levy
Waka Ikeda
Grant Arthur Gochin
Tarik Cyril Amar