Staten ber oss forberede oss. Er staten forberedt sjøl? |
Dei seks ordførarane i Nord-Gudbrandsdalen sett i felles debattinnlegg ord på ei utvikling som uroar også meg. Forslaget til statsbudsjett for 2027 inneheld fleire grep som ikkje tek oss i rett retning.
Kutt og omleggingar innan helse og omsorg, usikkerheit rundt framtida til familievernkontoret på Otta, pressa politiøkonomi i Innlandet, kutt i midlar til forebygging av rovviltskade og svekka støtte til frivillig arbeid. Noko er kanskje «forhandlingsåte», anna provoserer så det gjer vondt.
Ulike saker, men har dette til felles: Staten reduserer eller sentraliserer stadig tenester og ressursar. Kommunar, næringslivet og innbyggarane risikerer å sitte att med større ansvar og belastning.
Eg deler norddølene si uro. Dette er ikkje vegen å gå dersom vi ønskjer levande lokalsamfunn og mindre forskjellar mellom folk og landsdelar.
Innlegget ga inspirasjon til å løfte ein annan nødvendig diskusjon om tryggheit og beredskap:
Er staten sjøl godt nok forberedt når krisa kjem?
Verda er uroleg. Krig,........