I minutta før hjelpa kjem, er det éin ting som avgjer utfallet |
Det viser ei undersøking frå Norsk Førstehjelpsråd. Det er betre avkastning enn det meste anna vi investerer i. Men dette handlar ikkje først og fremst om pengar, det handlar om liv.
Kvart år opplever menneskjer i nærmiljøet vårt at nokon fell om med hjartestans, får hjerneslag eller at eit barn set noko i halsen. Ulykker skjer brått og brutalt. I dei minutta før hjelpa kjem, er det éin ting som avgjer utfallet: Nokon må gjere noko.
Tidleg førstehjelp er ofte heilt avgjerande for om helsepersonell får moglegheit til å redde liv når dei kjem fram. Utan innsats frå folk på staden kan sjølv den beste medisinske kompetansen kome for seint.
Vi lever i ei tid der beredskap blir diskutert meir enn på lenge. Totalforsvar, kriser og uforutsigbarheit pregar nyheitsbiletet. I år er det òg totalforsvarsåret, men beredskap handlar ikkje berre om offentlege etatar og blåljos. Det handlar om deg og meg, og kva vi gjer når det verkeleg gjeld.
Stiftinga Norsk Luftambulanse har no lansert Akutt ABC, eit gratis førstehjelpskurs som lærer deg det viktigaste du må kunne når nokon er livstrugande sjuk eller skadd. Kurset finn du på stiftelsen sine heimesider. Ta det i dag, i morgon kan du redde liv.
Å lære førstehjelp er kanskje den viktigaste investeringa du kan gjere for familien din, naboen eller kollegaen din.
Kvart år, frå 1.–30. april, arrangerer Stiftinga Norsk Luftambulanse Akuttaksjonen. Aksjonen handlar om å styrke helseberedskapen i Norge ved å gjere alle budd og kompetente til å bidra når liv eller helse er i fare.
Treng 150 frivillige til stor redningsøving
Arne fra Ringebu ble hedra: - Politikerne er nok glad jeg har blitt pensjonist!
– Vi er alltid på vakt uansett, men når det er påske er vi veldig tett på