Ei hyllest til lokalavisene
Kvifor seier vi i Landslaget for lokalaviser (LLA) at 2026 er «Lokalavisåret»? Fordi LLA snart blir 50 år – og lokalavisene er grunnfjellet i det norske demokratiet.
Over heile landet, frå ytterste øyar til innerste fjordar, mellom bakkar og berg og livlege bydelar, finn vi ein lokalavis-flora som er heilt unik i verda. Redaksjonane er til stades for deg og lokalsamfunnet ditt. Lokalavisene held deg oppdatert, held makta i øyra og pirkar i det som ikkje fungerer. Lokalavisene løftar fram både dei små og store sakene – og fortel dei sterke historiane som ingen andre tek seg tid til å få fram. Lokalavisene er lim og lupe, fellesskap og fyrtårn.
Det er lokalavisene som er til stades når ei kunstutstilling eller ein ny lokal butikk opnar dørene – eller........
