Det norske bondeofferet |
Men bøndene si primæroppgåve er å produsere mat for å dekke kostnadene til livsopphald for seg og sine.
Stortinget sine overordna mål for jordbruket rommar langt større samfunnsomsyn: Matsikkerheit og beredskap, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og eit berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar.
Dette er mål som har lite med landbruket si primæroppgåve å gjere, men mykje med måten vi som samfunn nyttar naturen og ressursane våre på.
I det tradisjonelle jordbruket vart alle desse måla ivaretekne som ein naturleg biverknad av arbeidet. Det var få bønder som tenkte at ein skulle ta betalt for å løyse viktige beredskapsoppgåver for samfunnet – det låg i sjølve drifta.
Det moderne, sentraliserte og mekaniserte jordbruket har derimot, gjennom dei siste 70 åra, systematisk bevega seg lenger og lenger vekk frå Stortingets mål. Vi har utvikla eit produksjonsapparat som ikkje lenger berre er ei løysing, men som i aukande grad har vorte ein del av problemet.
Riksrevisjonen peika alt i 2010 på ein «risiko for at dei overordna måla som Stortinget har sett for jordbrukspolitikken, i for liten grad styrer utforminga av konkrete verkemiddel under jordbruksforhandlingane».
Motsetnaden mellom vedteken politikk og faktiske resultat har vore systematisk i mange år – og har ikkje betra seg vesentleg sidan. På tolv år har rundt 10 000 bruk forsvunne. Vi har fått sterk sentralisering og mekanisering. Matproduksjonen blir halden oppe, men med meir kostbar teknologi, fleire eksterne innsatsfaktorar, færre hender – og alarmerande dårlege marginar.
I dag hentar dei fleste bønder hovudinntekta si frå anna arbeid og subsidierer eiga........