«Ungdommen er framtida vår»

Da må grunnmuren vere på plass med familie, utdanning og gode fritidstilbod. Dei aller fleste har gode rammer kring seg, men mange ungdommar møter også på utfordringar gjennom oppveksten som kan påverke dei resten av livet. Da er det vårt ansvar å støtte dei og hjelpe dei til å skape seg ei framtid.

Vi ser og høyrer i debatten om skulestruktur at nettopp det å kunne ha eit liv utanom sjølve skulen blir vektlagt av mange. Det er ingen som ber om å måtte sitte 3-4 timar på buss kvar dag. Det er mange som ynskjer å bu i sitt lokalmiljø fram til dei er ferdige på vidaregåande skule. Kanskje fordi det er trygt å bu heime, eller fordi dei ynskjer å vere saman med vennane sine eller at dei er aktive i idretts- eller kulturaktivitetar der dei bur. Andre ungdommar vel å flytte på hybel for å få akkurat det tilbodet dei........

© Dølen