Fabelaktig biletreise på Nordkalotten

Kronikk Dette er en kronikk, skrevet av en ekstern bidragsyter. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdninger.

Terje Øiesvold gav på nyåret 2024 ut bokverket «Fra Nord – Nordkalottens billedhistorie 1550–1850» på Orkana forlag. Vel ein månad seinare døydde Øiesvold, knapt 75 år gamal. Utgivinga vart markert med eit godt besøkt bokbad i Stormen bibliotek.

Terje Øiesvold var lækjar og professor i psykiatri ved UIT/Norges arktiske universitet. I tillegg kjenner vi han som naturven, særleg frå tida som leiar for Folkeaksjonen Spar Saltfjellet frå slutten av 1970-talet og framover. Hans bibliofile interesse har ikkje vore så godt kjend. Ikkje di mindre har Øiesvold gjennom ein 20-årsperiode samla bokillustrasjonar og trykk om Nordkalotten til det som truleg var den mest komplette samlinga av denne arten og om dette området.

Ei lita bok av Øiesvold frå 2016: Bodø – et tohundreårsminne: i Anne Grønbech Sussemells fotspor (Forenkla forlag) kan vere ein forsmak på det som skulle kome. Boka byggjer på A.G. Sussemels minnebok og skildrar Bodin i tiåra før 1814, men forfattaren brukar òg element frå reiseskildringar etter utlendingar på reise i Nord-Noreg til å kaste lys over tidbolken.

Tema for boka Fra nord er bilethistorie om Nordkalotten gjennom 300 år, i perioden 1550 til 1850. Kjeldematerialet er hovudsakleg henta frå bøker i forfattarens samling og mindre frå sjølvstendige kunstverk. Biletkunstnarane si interesse for det nordlege kom seinare, ifølgje forfattaren. Materialet er........

© Avisa Nordland