Å jubilere i ei krisetid

KRONIKK: Mitt nyttårsønske for 2026 er at vi som borgarar i Stavanger tar med oss det lange tidsperspektivet frå jubiléet inn i det nye året og at vi nyttar det til å løfte diskusjonane om vår tids kriser.

Gjennom 2025 har Stavanger jubilert. Vi har feira at det er 900 år sidan domkyrkja sto ferdig, at bispesetet blei etablert i Stavanger og at det er 200 år sidan det første skipet med utvandrarar til Amerika la frå kai. Men i verda utanfor Stavanger har 2025 vore eit annus horribilis, prega av konflikt og kriser. Kva verdi ligg det eigentleg i å markere eit jubileum i ei slik krisetid?

Klimakrise, naturkrise, storpolitiske kriser, krise i helsesektoren. Mange av dei viktigaste spørsmåla som samfunnet står overfor blir i dag presentert og ramma inn med bruk av ordet «krise». Ei krise blir i Nynorskordboka forklart som ein «vanskeleg eller farleg situasjon med akutte problem». Kriser er altså hendingar som slår akutt inn i nåtida og som krev vår merksemd og handling her og nå. Kva konsekvensar har det at stadig fleire samfunnsspørsmål blir forstått som kriser?

Eit perspektiv på utberinga av ordet «krise» er å sjå det som eit uttrykk for korleis samfunnet forheld seg til tid, og korleis dette forholdet har endra seg radikalt i løp av dei siste 30 åra. Historikarar og minneforskarar har i seinare tid peika på at den tidsforståelsen eller det........

© Aftenbladet