Rogalandske song­tekstar held skyhøg kvalitet

10 songperler frå Rogaland

GJESTEKOMMENTAR: Militær opprusting kan gje kulturell nedskjering. Tanken bak mi eiga liste med 10 songperler frå Rogaland er å vise kvifor vi treng kultur.

Svein Erik TuastadStatsvitar og dr. polit., UiS

«Altså, nokon malar ein strek på eit ark og så skal dei ha offentleg støtte. Kva med barn og unge?» Hjartesukket frå ein god kjenning illustrerer at kulturen vil kunne kome til å slite når kampen om offentlege pengar spissar seg til. Men prioriteringslogikken må vere, vil eg påstå, at alle tar sitt: Somme sektorar skal ikkje bere heile byrda.

Også dei som kom seglande til Rennesøy, Hundvåg og Kvitsøy for 11.000 år sidan og danna dei første busetnadane i Rogaland, vart berika av kunst. Musikk er berre ein av fleire kulturformer, men utan songane nedfor ville livet mitt vore fattigare – eg går ut frå andre har det likt med sine lydspor til livet.

Noko særmerkt rogalandsk ved lista nedfor er den skyhøge tekstkvaliteten. Dette er ikkje tilfeldig. Fleire av tekstane er skrivne av drivne forfattarar som samarbeidde med musikarane. Vi haustar som vi sår: Kulturveven må haldast ved like.

Berre rogalendingar som syng på norsk språk, er med. I parentes står låtskrivaren.

10. Ompa til du dør, Kaizers Orchestra (Janove Ottesen, 2001)

Første gongen eg høyrde........

© Aftenbladet