Høgre må finne ut om dei vil bli likare Frp. Det spørst om erfaringane frå Stavanger freistar |
GJESTEKOMMENTAR: Nasjonalt må Høgre bestemme seg for om dei vil bli likare Frp. Det spørst om erfaringane frå Stavanger freistar.
Kanskje dei mest interessante spørsmåla året 2025 etterlet seg i norsk politikk, gjeld kva som skjer på høgresida når Framstegspartiet veks og får større sjølvtillit. Kva gjer eit sterkare og meir sjølvbevisst Frp med samarbeidsklimaet i norsk politikk? Og kvar går Høgre?
I valkampen før Stortingsvalet tillét Frp seg å kritisere samarbeidspartnarane temmeleg hardt. I Stavanger den siste tida har vi sett det same i ei mykje hardare utgåve. Det enda opp med at Frp røysta for, og dermed sikra fleirtal, for den raudgrøne opposisjonen sitt budsjett med meir eigedomsskatt. Men motstand mot eigedomsskatten er jo den store hjartesaka til Stavanger Frp. Difor likna det eit hemntokt.
No må ordførar Tormod Losnedal (H) stå til ansvar for eit budsjett han ikkje er for. Det skapar uorden med omsyn til politisk ansvar. Men på den andre sida er ikkje skilnaden mellom budsjettforslaga veldig stor. Politisk innhald kan til sist verte underordna konsekvensane det får for det politiske samarbeidet.
Det bør skiljast mellom samarbeidsstilen til Frp på den eine sida og det politiske innhaldet til partiet, og avstanden til resten,........