Fotballsuksessen er ein triumf for den norske, demokratiske likskapskulturen
GJESTEKOMMENTAR: Til trenarar og fotballfolk på pilegrimsreiser til suksessland kan vi no seie: Look to Norway.
For mange år sidan, då er var gutespelar i fotball, var eg med på nokre landslagssamlingar. På ein av samlingane var det ein kjent engelsk trenar. Han var autoritær – ein liten feil og armhevingar som straff. Ingen langhåra driblarar likte han. Eg vart flytta frå gruppe to til gruppe fire. I gruppe fire gjorde eg det ganske godt og vart flytta opp att. For der var Even Pellerud, som då hadde trena vesle Grue, men som seinare vart landslagstrenar for det norske kvinnelandslaget som vann VM-gull. Det var ein som såg deg som menneske og rettleia vennleg, ein trenar eg ikkje gløymer. Gjett kven vi lærte mest av?
Leiarstilar speglar nasjonale kulturar. I Europa representerer Nederland og England eit ytterpunkt der leiarstilen i fotballen tradisjonelt er konfronterande, distansert og direkte. Norge og dei skandinaviske landa er eit motsett ytterpunkt, kjenneteikna av involvering og ein meir demokratisk leiarstil.
Kan leiarstil ha noko å seie for sportsleg suksess?
Norsk idrett, inkludert fotballen, er særmerkt ved at vi inkluderer alle i barneidretten. Ingen selektering, fast nivådeling eller........





















Toi Staff
Sabine Sterk
Penny S. Tee
Gideon Levy
Waka Ikeda
Grant Arthur Gochin
Tarik Cyril Amar