Dette skal vi ikkje godta |
Dette skal vi ikkje godta
KOMMENTAR: Politidistriktet vårt er dårlegast i landet på å oppklara valdtektssaker. Altså går det an å gjera det betre. Mykje betre.
Solveig G. SandelsonKommentator
Valdtekt går som eit stort sår gjennom samfunnet. Vi vil helst ikkje koma borti det, ikkje ta i det. Det splittar kvinner og menn, på sårt og brutalt vis, for i alt det vi kjenner til, er det flest jenter og kvinner som blir utsette for det, og flest gutar og menn som utset nokon for det. Og vi veit at det kan ha alvorlege konsekvensar, for helse, utdanning, livskvalitet. For korleis livet blir.
Vi kan ikkje både hevda at dette er alvorleg kriminalitet, men ikkje klara å sikra stega fram mot oppklaring godt nok.
Det er til å visna av. Mista motet. Og trua. Og vi veit det jo, det er ofte ord mot ord, det er vanskeleg å bevisa. Det er vanskeleg å få opp rettssikkerheiten høgt nok, både for den som melder frå om å ha blitt valdteken, og den som blir mistenkt for det. Men det er viktig. Vi kan ikkje både hevda at dette er........