menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

-Vi som har makt over monarkiet

38 0
03.03.2026

Vi som har makt over monarkiet

KOMMENTAR: Vi må slutta å forlanga at nokon skal vera kongelege for oss. Det er umenneskeleg.

Solveig G. SandelsonKommentator

Det er kong Harald som har sagt oss at nordmenn er unge, gamle, høge, låge, funksjonsfriske og rullestolbrukarar, rike, fattige og midt i mellom. At nordmenn jobbar i butikk, på sjukehus og på plattform. At vi er einslege, skilde, barnefamiliar og gamle ektepar, vi trur på Gud, Allah, alt og ingenting. At Norge er jenter som er glade i jenter, og gutar som er glade i gutar, og jenter og gutar som er glade i kvarandre.

Det er kong Harald som har sagt at når krig og konflikt går føre seg år etter år, kan vi kanskje tenka at det nærmast er sånn det skal vera. Men at det ikkje er det. At det er riv ruskande gale.

Det har vore veldig fint, det. At han har sagt det han har sagt. Vist at han kjenner til dei ulike livsvilkåra våre. Det er den stille kontrakten mellom konge og folk. Kongen – og kongefamilien – skal samla oss. Nettopp fordi dei ikkje er politisk valde og kan veljast vekk.

Retten til å velja seg vekk

Men vi lever jo i eit demokrati. Du skal kunna trekkja deg. Som statsminister, som statsråd, som partileiar eller bedriftsleiar, når livet ditt krev deg ein annan stad. Når du sjølv er sjuk, når nokon i familien din er sjuk, når du treng å........

© Aftenbladet