«Påstår at fødsel utan helsepersonell er like trygg som på sjukehus. Det er ikkje sant. For å seia det veldig forsiktig» |
KOMMENTAR: Aktivisten Kristin Indreeide påstår at ein fødsel utan helsepersonell er like trygg som ein fødsel på sjukehuset. Det er ikkje sant. For å seia det veldig forsiktig.
Solveig G. SandelsonKommentator
Å gå inn i fødsel er å bli overtatt av naturen. Bli herja rundt med, av krefter du ikkje ante kunne finnast. For mens du ventar på å få vera med på å driva barnet ditt ut, så driv naturen og utvidar kroppen din. Det skal bli ti centimeter open passasje i midten. Det er det jo ikkje, alle andre dagar enn denne. Så naturen gjer klar, flyttar og drar i vev og ledd og senar. Det beste du kan klara, er å pusta og venta. Til det er klart og du får vera med. Til du får eit nytt lite liv opp til deg. Til det er heilt fantastisk.
Viss alt er vanleg. Og det veit ein jo ikkje om det blir. For ting kan skje, og det kan skje brått. Babyen kan bli sitjande fast, navlestrengen kan vasa seg inn der den ikkje burde, mor kan begynna å blø. Eller rettare sagt, det kan skje at mor ikkje sluttar å blø. For eksempel ved at ikkje heile morkaka kjem ut, så ikkje livmora får trekt seg saman. I perioden 2008 til 2017 fekk 184 av dei kvinnene som fødde ved Rikshospitalet eller Ullevål sjukehus slike livstruande blødingar.
Det hastar då. Med å redda mor. Det kan også hasta, av ulike andre grunnar, med å redda barnet. Det kan hasta med å unngå skadar, varige, eller mindre varige. På mor, eller barn, eller begge.
Kristin Indreeide, aktivisten bak podkasten Frifødsel, meinte i Dagsnytt 18 sist veke at det er «et........