-Har vi ikkje plass nok? Til nyfødde barn? |
Har vi ikkje plass nok? Til nyfødde barn?
KOMMENTAR: Nye SUS må senda heim mor og barn tidlegare enn tenkt. Dei tar opp for mykje plass.
Solveig G. SandelsonKommentator
Hos ei vanleg kvinne i barsel er alle kanalar opne. Tårekanalar, mjølkekanalar, fødselskanalar. Ei kvinne som nettopp har blitt mor, eller nettopp har blitt det igjen, er overvelda av følelsar og ansvar og naturkrefter og mangel på søvn. Etter at naturen på overveldande vis har sprengt ut kroppen hennar med minst ti centimeter, flytta på ledd og vev og knoklar og bana veg for ein fantastisk og heilt hjelpelaus baby.
Ho bruker omtrent sju timar i døgnet på å amma, viss ho ammar. Ho veit ikkje om babyen skrik fordi han får for lite mat, for lite søvn, har vondt eller berre er fødd hissig.
Ho veit ikkje av seg sjølv om det gjer vondt å amma fordi ho ikkje har lagt nurket godt nok til, eller om det er fordi nurket ikkje klarer suga, eller fordi mor ikkje har nok mjølk.
Vi kan ikkje rekna med at ho ser forskjellen på om barnet søv så mykje fordi det er mett og fornøgd, fordi det treng å ta seg inn etter fødselen, fordi det er medtatt av gulsotten ho veit det har, eller fordi det ikkje klarer ta til seg næring nok og står i........