⁠–⁠ Det kan ikkje gå utover kreftpasientar i behandling at sjukehuset flyttar. Det er uhøyrt.

KOMMENTAR: Det er ikkje Stavanger kommune sitt ansvar å sørgja for nok pengar til at SUS får ferdig heile det nye sjukehuset. Det ansvaret ligg – for tida – hos sjukehuset sjølv.

«Konsekvensen vil være at den setter en stopper for SUS sin mulighet til å realisere resten av sykehusutbyggingen på Ullandhaug, og dermed vår mulighet til å fortsatt ivareta et godt spesialisthelsetjenestetilbud til befolkningen i 15 kommuner i Sør-Rogaland.»

Det skriv administrerande direktør Helle Schøyen ved SUS saman med styreleiar Bjørn Eriksten. Dei skriv det i eit svært krast høyringssvar til Stavanger kommune. Det gjeld områdeplanen for Våland Sør, der det gamle sjukehuset ligg, som nå er delvis fråflytta. Her har det vore sjukehusdrift i meir enn 100 år, og sjukehuset er største grunneigar. Den andre er Stavanger kommune sjølv, ved Stavanger Utvikling.

Det er to måtar sjukehus kan skaffa seg pengar til husbygging på. Det eine er å spara frå dei pengane dei eigentleg har til drift, altså........

© Aftenbladet