Bilane i Rogaland er ikkje årsaka til klima­krisa

Nord-Jæren treng ikkje bilfiendtleg symbolpolitikk

DEBATT: Kari Vestbø sitt debattinnlegg peikar på bilen i Rogaland som hovudårsaka til ei klimakrise. Dette i ei verd der heile Norge er som ein sjuandedel av Tokyo i talet på innbyggjarar. Driv SV med ønskjetenking i staden for politikk som folk flest har råd til?

Petter KorneliussenGruppeleder, Strand Frp

Folk på Nord-Jæren køyrer ikkje bil av ideologiske grunnar. Dei køyrer fordi dei må få livet til å gå rundt. Arbeidsmarknaden strekkjer seg over fleire kommunar, kommunar som nyttar Ryfast, og som skal få nytta Rogfast. Skule, fritidsaktivitetar og familie er spreidd rundt i heile kommunen man bur i. For mange finst det rett og slett ikkje eit reelt alternativ til bil – uansett kor mykje ein ønskjer seg det. Det store fleirtalet av innbyggarar bur ikkje i bysentruma og arbeidar i nabolaget. Dei bur til døme på Forsand eller Hjelmeland og arbeidar på Forus eller Risavika.

Nullvekstmålet har lege fast alt for lenge og bør skrotast. At bilbruken har auka mens me har hatt eit nullvekstmål er eit signal om at politikken ikkje samsvarer med røynda. Når ein region veks, både i folketal og næringsliv, aukar transportbehovet. Å tru at dette kan regulerast bort med restriksjonar og avgifter, er ikkje ansvarleg styring – det er ønskjetenking. Ei ønskjetenking Rogalendingar flest ikkje har råd til.

SV vil gjera noko så dramatisk som å stanse vidare utbygging av E39 mellom Stavanger og Bergen. Denne strekninga er ei livsnerve for heile Vestlandet. For næringslivet betyr framkome konkurransekraft. For pendlarar betyr det mindre kø og meir føreseieleg kvardag. Moderne vegar gir jamnare trafikkflyt, lågare tidsbruk og – med dagens teknologi og raske framgang i teknologiske løysingar – stadig lågare utslepp per køyretur.

Paradokset SV peikar på, kan like gjerne snuast: SV seier dei vil redusere utslepp, men vil stoppe infrastruktur som vil redusera både kø og ineffektiv transport. Kø betyr tomgang og tomgang betyr utslepp. Og dårleg vegstandard betyr utryggleik og auka fare for ulykker. Det er noko me ikkje kan ignorere.

Når det gjeld bompengar, erkjenner SV at dei rammar skeivt. Likevel er løysinga til SV eit meir «finmaska» system – altså fleire finurlege måtar å krevje inn pengar på – berre namnet er endra så er det liksom ok? Kilometeravgift, tidsdifferensierte takstar og differensiering etter bustadområde vil i praksis bety at folk flest må betale meir for å kome seg på jobb, ikkje mindre eller meir sosial fordeling av utgiftene. Det er difor vanskeleg å sjå korleis dette skal opplevast som rettferdig for barnefamiliar og vanlege lønsmottakarar som er kronisk råka av tidsklemma. Eller dei som slit med å få kvardagen til å gå rundt økonomisk for den del. Folk som ikkje nødvendigvis bor 5 minuttar unna jobben, gjerne personar som bur på ein plass der om man bommar på bussen på måndag morgon så går neste på tysdagen, blir hardast råka.

Frp meiner at samferdselspolitikken må ta utgangspunkt i fridom og realisme. Ja, kollektivtilbodet skal vere godt. Ja, det skal vere trygt å gå og sykle. Men det må byggjast opp som eit reelt alternativ – ikkje pressast fram ved å gjere bilen dyrare og meir utilgjengeleg.

Teknologiutviklinga skjer raskt. Elbilar, nullutsleppsteknologi og meir effektive motorar reduserer klimabelastninga frå vegtrafikken. Løysinga ligg i innovasjon og betre infrastruktur – ikkje i å gjere kvardagen og økonomien vanskelegare for folk og familiar som er kronisk råka av tidsklemma.

Nord-Jæren treng ein samferdselspolitikk som legg til rette for vekst, arbeidsplassar og mobilitet. Vi skal redusere utslepp – men vi kan ikkje redusere fridomen til folk flest for å nå dit.

Ein ny bymiljø­avtale må løyse problem, ikkje skape nye08. mars

Ein ny bymiljø­avtale må løyse problem, ikkje skape nye


© Aftenbladet