Rettssak mot norsk statsborgar må førast i Norge
Dette er for defensivt, Astri Aas-Hansen!
Nils Olav ØstrenKlepp Stasjon
DEBATT: Tidleg i juni tar ei rettssak til i London mot ein ung, 19-årig norsk mann. Saka hans burde ha vore ført i Norge for norsk rett.
Det er svært uheldig at justisministeren berre gir eit defensivt svar om ikkje å leggja seg opp i konkrete straffesaker mot «norske borgere i andre land». Dei nye tragiske ungdomsnettverks-sakene må av statsråden styrkast på den internasjonale politiske agendaen. Pågåande lovarbeid omkring dette blir ikkje nemnt av statsråden.
Hovudprinsippet bør ikkje fråvikast
Det viktige hovudprinsippet er at strafferettsleg behandling av norske statsborgarar bør skje her i heimlandet. Alvorsgrada i den aktuelle saka og dei nye utfordringane med internasjonale........
